Bustan al-Marj regionale kommune

Bustan al-Marj regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית בוסתן אל-מרג', Mo'atza Azorit Bustan al-Marj) er ein regional kommune nord i Israel. Området grensar til Jezreeldalen og ligg nord for Afula. Kommunen omfattar fire arabisk landsbyar:

Bustan al-Marj regionale kommune
regional kommune
Bustanelmarj
Kontora til den regional kommune Bustan-El-Marj i Israel, utafor Nein.
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°37′10.45″N 35°20′36.1″E
Israel location map
Locator Red.svg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Ed Dahi

Ed Dahi, òg kalla ad-Dahi (arabisk الدحي) eller berre Dahi (hebraisk דַחִי) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg like ved Afula og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune. Landsbyen ligg 550 meter over havet. I 2006 hadde han eit folketal på 556.

Kafr Misr

Kafr Misr (arabisk كفر مصر, tyder «landsbyen (av Egypt)»; hebraisk כַּפְר מִצְר) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg nær Afula sør for Genesaretsjøen og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune.

Kafr Misr har vore busett frå minst seint i romartida og det er gjort arkeologiske funn som indikerer at det fanst eit jødisk, kristen og muslimsk samfunn til forskjellige tider. Landsbyen dekka i 1924 kring 3 300 dekar, men er i dag kring 1 000 dekar. I 2007 hadde han eit folketal på 2 400. Kring 2/3 av folkesetnaden er under 18 år gamle.

Nein

Nein (arabisk نين, Na'in, tyder Sjarmerande, hebraisk ניין, i Bibelen kalla Nain eller Naim) er ein arabisk landsby i Israel som høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune i Nedre Galilea. Han ligg 14 km sør for Nasaret og dekkjer eit område på kring 1 kvadratkilometer. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Nein eit folketal på 1 600 i 2005. Kommunehuset for Bustan al-Marj regionale kommune ligg i Nein.

Regionale kommunar i Israel

Regionale kommunar (hebraisk מועצה אזורית, Mo'atza Azorit) er ein av tre typar lokalstyre ein finn i Israel og israelskokkuperte område, i lag med byar og lokale kommunar. I 2003 var det 53 regionale kommunar i Israel, vanlegvis med ansvar over eit område med landlege busetnader. Dei regionale kommunane har alt frå mellom tre til 54 busetnader, vanlegvis spreidd over eit relativt stort område med geografisk nærleik til kvarandre.Kvar busetnad i ein regional kommune har vanlegvis ikkje meir enn 2000 innbyggjarar, og vert styrt av ein lokal komité. Denne komiteen sender representar til det regionale kommunestyret etter kor mange innbyggjarar dei har. Dei mest vanlege busetnadane i dei regionale kommunane er kibbutzim og moshavim.

Sulam

Sulam (arabisk سولم, hebraisk סוּלַם) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. I antikken vart han kalla Shunama og Sjunem, og vart først nemnt i Amarnabreva på 1300-talet fvt. Arkeologiske utgravingar i landsbyen syner at han har vore busett sidan bronsealderen. Han ligg nær Afula og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 500.

Bustan al-Marj regionale kommune
Det sentrale distriktet
Haifa distrikt
Jerusalem distrikt
Judea- og Samaria-området
Det nordlege distriktet
Det sørlege distriktet
Israel north dist.png

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.