Bruttonasjonalprodukt

For Banque Nationale de Paris, sjå BNP Paribas.

Bruttonasjonalprodukt (BNP) er eit mål på verdien av alt som vert produsert i eit land. BNP omfattar verdiskapinga i all marknadsretta næringsverksemd. I tillegg kjem verdiskaping i offentleg forvalting, friviljuge organisasjonar og produksjon for eige bruk. BNP vert mange gonger nytta som eit mål på velstandsnivået i eit land.

BNP er gjev eit mål på samla verdiskaping i eit land, og gjev samstundes uttrykk for opptent bruttoinntekt frå innanlandsk produksjon. BNP tilsvarar forkortinga GDP på engelsk språk (Gross Domestic Product). BNP kan definerast og avgjerast ut frå tre ulike hovudmetodar som vert kalla produksjonsmetoda (I), utgiftsmetoda (II) og inntektsmetoda (III). I fyrste metode kan storleiken «korreksjon for FISIM» alternativt inngå i produktinnsats, og i driftsresultat i tredje metode.

Utrekning av BNP

Produksjonsmetoda (I)

  • Produksjon (basisverdi) - Produktinnsats (kjøparverdi) + Produktskattar - Produktsubsidiar - Korreksjon for FISIM
  • Produksjon (produsentverdi) - Produktinnsats (kjøparverdi) + Importskattar + Meirverdiavgift + Investeringsavgift + Toll - Korreksjon for FISIM
  • Bruttoprodukt i alt (basisverdi) + Produktskattar - Produktsubsidiar - Korreksjon for FISIM
  • Bruttoprodukt i alt (produsentverdi) + Importskattar + Meirverdiavgift + Investeringsavgift + Toll - Korreksjon for FISIM

Utgiftsmetoda (II)

  • Konsum i alt + Bruttoinvestering i fast realkapital + Lagerendring + Eksport - Import
  • Sluttbruk i alt - Import
  • Innanlandsk sluttbruk i alt + Eksport - Import

Inntekstmetoda (III)

  • Lønskostnadar + Driftsresultat + Kapitalslit + Produksjonsskattar - Produksjonssubsidiar - Korreksjon for FISIM

Bakgrunnsstoff

Argentina

Argentina er eit land i Sør-Amerika som ligg mellom Andesfjella i vest og Atlanterhavet i sør og aust. Det grensar til Bolivia, Brasil, Chile, Paraguay og Uruguay. Namnet Argentina kjem frå det latinske ordet for sølv, argentum. Landet fekk namnet på grunn av at dei første koloniherrene trodde landet var rikt på sølv.

Brasil

Brasil er ein republikk og den største staten i Sør-Amerika både i flatevidd, folketal og bruttonasjonalprodukt. Landet grensar til alle andre statar i Sør-Amerika utanom Chile og Ecuador. Brasil er kjend for å ha store areal regnskog, og har fått namn etter brasiltreet, som voks i store mengder i området då landet blei oppdaga av europearar.

Emiratet Abu Dhabi

Emiratet Abu Dhabi (arabisk إمارة أبو ظبي, Imārat Abū Ẓaby) er eit av sju emirat som utgjer Dei sameinte arabiske emirata. Det er det største emiratet etter areal (67 340 km²), og utgjer kring 87 % av det samla landarealet til føderasjonen. Abu Dhabi har òg det høgaste folketalet av dei sju emirata, kring 2,3 millionar innbyggjarar (2012). Av desse var mindre enn 21 % emiratarabiske borgarar.Abu Dhabi er hovudstaden i emiratet og i tillegg hovudstaden i landet.

Bruttonasjonalprodukt i Abu Dhabi var i 2011 806 milliardar AED. Gruvedrift og petroleum står for den største delen av BNP. Bygg og anlegg er den nest største bidragsytaren. BNP voks til 911.6 mrd. AED i 2012, eller over 100 000 dollar per innbyggjar.I nyare tid har emiratet medverka med kring 60 % av det samla BNPet til Dei sameinte arabiske emirata.

Finland

Republikken Finland eller berre Finland (finsk: Suomen Tasavalta eller Suomi) er eit land i Norden. Finland har sidan 1995 vore medlem av EU og er det fyrste og einaste nordiske landet som har innført euro som valuta.

Fujian

Fujian (hanzi 福建, pinyin Fújiàn) er ein provins på søraustkysten av Kina. Fujian grensar til Zhejiang i nord, Jiangxi i vest, og Guangdong i sør. Øya Taiwan ligg i aust, bortom Taiwansundet. Hankinesarar er i fleirtal, men provinsen er kulturelt og språkleg ein av dei mest mangleta provinsane i Kina. Han dekker ei flatevidd på 121 400 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 36,27 millionar. Fuzhou er hovudstad i provinsen.

Namnet Fujian er ei samansetting av Fuzhou og Jianzhou (dagens Jian'ou), to byar i Fujian, danna under Tang-dynastiet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 闽 for Min.

Gansu

Gansu (kinesisk skrift 甘肃, pinyin Gānsù) er ein provins nordvest i Folkerepublikken Kina. På kinesisk vert han ofte nemnd med forkortinga 甘 Gan.

Han grensar til Mongolia, Indre Mongolia og Ningxia i nord, Xinjiang og Qinghai i vest, Sichuan i sør, og Shaanxi i aust. Gansu har store førekomstar av ulike mineral. Mange av plantane som vert nytta av kinesisk medisin veks i provinsen. Provinsen har ei flatevidd på 364 186 km². Folketalet vart i 2010 berekna til 26,35 millionar. Lanzhou, hovudstaden i provinsen, ligg i søraust.

Guangdong

Guangdong er ein provins sør i Folkerepublikken Kina. Provinsen dekker ei flatevidd på 187 800 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 96,38 millionar. Guangdong grensar mot provinsane Fujian, Hainan, Hunan, Jiangxi, den autonome regionen Guangxi og dei særleg administrerte regionane Hong Kong og Macao. Guangzhou er hovudstad i provinsen. Andre større byar er Shantou, Shenzhen, Zhanjiang og Zhuhai.

Namnet Guangdong (kinesisk skrift 廣東, pinyin 廣東省 Guǎngdōng) tyder 'vidare aust', og stammar frå den tida då Guangdong var skilt frå kinesarane, og enno var eit vidt, ubefolka landområde.

Haitisk økonomi

Haitisk økonomi er prega av at landet etter dei fleste økonomiske mål er det fattigaste i Amerika. Det hadde eit bruttonasjonalprodukt på 11 610 millionar USD i 2009, og dermed BNP per innbyggjar på 1 300 USD – om lag 3,50 USD per person per dag.Det er eit fattig land – eit av dei fattigaste og minst utvikla i verda. Samanliknande sosiale og økonomiske mål viser at Haiti har lege under andre lågkost- og utviklingsland (særleg på den vestlege halvkula) sidan 1980-åra. Haiti er no på 149. plass av 182 land på HDI-lista til SN (2009). Om lag 80 % av folkesetnaden i landet lever under fattigdomsgrensa, og 54 % i ekstrem fattigdom. Den økonomiske veksten har vore negativ eller berre ørlite positiv dei siste åra. Fattigdom har tvinga minst 225 000 barn i byane i Haiti til slavearbeid som ubetalte hushjelper og tenarar. Landet har lenge lege mellom dei mest korrupte i verda på CPI-lista til Transparency International.Om lag 66 % av haitiarane arbeider i landbrukssektoren, som hovudsakleg omfattar små sjølvforsynande bruk, men dette utgjer berre 30 % av BNP. Landet har opplevd lite formell auke i arbeidsplassar det siste tiåret, sjølv om den uformelle økonomien er i vekst. Mango og kaffi er to av dei viktigaste eksportprodukta til Haiti. Bistand frå utlandet utgjer 30–40 % av budsjettet til regjeringa i Haiti. Den største gjevaren er USA, etterfølgt av Canada, og EU bidreg også. I tillegg bidreg Venezuela og Cuba til den haitiske økonomien, og spesielt har dei gjort det sidan alliansane mellom landa vart fornya i 2006 og 2007.

Den USA-amerikanske bistanden til den haitiske regjeringa vart stoppa heilt i 2001–2004, etter det omstridde valresultatet i 2000, der president Aristide vart skulda for valfusk. Etter at Aristide forlét landet i 2004, fekk Haiti igjen pengar frå USA, og den brasilianske hæren leidde fredsstyrken MINUSTAH.

Haiti var venta å få ettergjeve gjeld på om lag 525 millionar USD, eller om lag 3 milliardar norske kroner, gjennom Heavily Indebted Poor Countries (HIPC) i løpet av sommaren 2009 – dei fekk ettergjeve heile 1,2 milliardar dollar (om lag 70 milliardar kroner).

Human Development Index

Human Development Index (HDI, norsk: Indeksen for menneskeleg utvikling) er på same måten som bruttonasjonalprodukt (BNP) eit mål for velstand i landa i verda. Medan BNP måler rikdommen til eit land, er HDI meint å gje eit meir komplett bilete, ettersom det inkluderer fattigdom, lese- og skrivedugleik, utdanning, forventa levealder, fødselstal og andre faktorar. HDI vart utvikla av den pakistanske økonomen Mahbub ul Haq (1934–1998), og har sidan 1990 vorte brukt i FN sin årlege rapport Human Development Report. HDI vert oppgjeve på ein skala frå 0 til 1, der 1 er best. I rapporten frå 2007 ligg Island, Noreg og Australia øvst på lista, medan Guinea-Bissau, Burkina Faso og Sierra Leone ligg nedst.

Jiangsu

Jiangsu (kinesisk: 江苏 pinyin: Jiāngsū) er ein provins på austkysten av Folkerepublikken Kina. Elva Chang Jiang munnar ut i Gulehavet i Hubei. Namnet på provinsen er danna frå Jiang, ei forkorting av bynamnet Jiangning, dagens Nanjing, og su for byen Suzhou. Den kinesiske enkeltteiknforkortinga er 苏 for Su. Jiangsu dekker eit flatemål på 187 500 km². Folketalet er i 2010 berekna til 57,2 millionar. Nanjing er hovudstad i provinsen.

Jiangxi

Jiangxi er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen femner eit relativt flatt område frå elvebreiddene til Chang Jiang i nord til høgde- og fjellandet lenger sør. Jiangxi grensar til Anhui i nord, Zhejiang i nordaust, Fujian i aust, Guangdong i sør, Hunan i vest og Hubei i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 166 900 km². Folketalet vart i 2013 berekna til 45 millionar.Namnet Jiangxi kjem frå kretsen som i 733 vart administrert av Tang-dynastiet, Jiangnanxidao (江南西道; 'kretsen til det vestlege Jiangnan').

Slovakisk geografi

Slovakia er eit land i Sentral-Europa med fjellrike område i nord og flatt terreng i sør.

Slovakia ligg mellom 49°36'48" og 47°44'21" nord og 16°50'56" og 22°33'53" aust.

Det nordlegaste punktet er nær Beskydok, eit fjell på grensa til Polen, nær landsbyen Oravská Polhora i Beskidane. Det sørlegaste punktet ligg nær landsbyen Patince ved Donau på grensa til Ungarn. Det vestlegaste punktet er ved Morava, nær Záhorská Ves på grensa til Austerrike. Det austlegaste punktet er nær toppen på Kremenec, eit fjell nær landsbyen Nová Sedlica der grensene til Slovakia, Polen og Ukraina møter kvarandre.

Det høgaste punktet er fjellet Gerlachovský štít i Høge Tatra med ei høgd på 2655 meter over havet, medan det lågaste punktet er Bodrog på grensa til Ungarn, 94 meter over havet.

Landet har eit areal på 48 845 km². 31% av landet er dyrkbar mark, 17 % er beitemark, 41 % skogar og 3 % åkerland. Dei gjenverande 8 % er hovudsakleg dekte av menneskeskapte strukturar og infrastruktur, og elles ulendte fjell.Slovakia grensar til Polen i nord, Ukraina i aust, Ungarn i sør, Austerrike i sørvest og Tsjekkia i nordvest, og har ei total landegrense på 1474 km, den lengste mot Ungarn.

Uformell sektor

Uformell sektor er økonomisk aktivitet som verken vert skattlagd eller overvaka av styresmakter, og som ikkje er medrekna i noko land sitt bruttonasjonalprodukt (BNP), i motsetnad til formell sektor. Døme på dette er svart arbeid, byttehandel og gåveøkonomi.

Uformell økonomi vert ofte forbunde med utviklingsland, men det vil alltid finnast ein viss del uformell økonomi i alle økonomiske system.

Utviklingsland

Utviklingsland, stundom forkorta til u-land, er ei nemning for land som enno ikkje har gjennomgått ei vidfemnande industrialisering.

Kva som gjer eit land til utviklingsland kan ha fleire faktorar, men det finst ein rekkje mål for eit lands velstand, til dømes å måle eit lands bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar, som reknast som summen av innanlandsk forbruk og investeringar pluss nettoeksport (= eksport minus import). Veikskapen med dette er at det dekkjer over store inntektsskilnader.

Eit anna og meir omfattande mål er Dei sameinte nasjonars (SN) «Indeks for menneskeleg utvikling» - Human Development Index (HDI) som byggjer på gjennomsnittleg levetid, BNP, utdanningsnivå og andre faktorar.

Om lag tre fjerdedelar av jorda si befolkning lever i utviklingsland. I dei fleste av desse landa er det låg levestandard. Generelt sett har mange utviklingsland problem med befolkningsnaud, hungersnaud, befolkningsoverskot, lågt utdanningsnivå og djup fattigdom, men omgrepet utviklingsland understrekar at trass i store problem er det land med eit positivt utviklingspotensiale.

Nokre døme på u-land er Moldova i Europa, Etiopia i Afrika, Bolivia i Sør-Amerika, Honduras i Mellom-Amerika, Vanuatu i Oseania og Afghanistan i Asia.

Verdas land

Liste over de facto eller offisielt uavhengige statar:

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

Verdas land etter bruttonasjonalprodukt

Dette er ei liste over verdas land etter bruttonasjonalprodukt (BNP), verdien av alle varer og tenester kjøpte i eit land i eit visst år. Dollarverdien er funnen ut frå kjøpekraftpariet. Tala i dette estimatet for 2005 blei laga av IMF i april 2005.

Verdas land etter bruttonasjonalprodukt per innbyggjar

Dette er ei liste over verdas land sortert ut frå bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar – verdien av alle varer og tenester kjøpte i eit land i eit gitt år, delt på gjennomsnittsfolketalet for det same året. Verdien i amerikanske dollar er funne ut frå kjøpekraftparitet.

Sjå òg verdas land etter bruttonasjonalprodukt.

Kjelde: International Monetary Fund, World Economic Outlook Database, April 2005. [1]

Verdas land etter folketettleik

Verdas land og koloniar etter folketettleik i innbyggjarar/km². Tala i tabellen er basert på flatevidd som inkluderer innanlands vassdrag (innsjøar, reservoar, elvar). Data om folkesetnad er generelt eit estimat for juli 2005. Berre sjølvstendige statar er nummererte, men ikkje-sjølvstendige territorie er også inkludert for samanlikning.

Kjelder: CIA The World Factbook [1]; US Census Bureau [2]

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.