Bronsealderen

Bronsealderen er ei nemning på ein periode i menneskeslekta si historie som var mellom steinalderen (somme plassar koparalderen) og jernalderen. Perioden har fått namnet sitt fordi bronse var det mest avanserte materialet dei hadde for tilverking av reiskapar, våpen og smykke på den tida. Bronse er ei legering som består av ca. 90 % kopar og 10 % tinn. Ho var svært kostbar, og dei bruka derfor framleis ei mengd med steinreiskapar heilt fram til romersk jernalder.
(Oppdelinga av oldtida i tre periodar; stein-, bronse- og jernalder, vart opphavleg formulert av den danske arkeologen Christian Jürgensen Thomsen.)

Bronsealderen kom til forskjellige tider, avhengig av kva for plassar ein snakkar om. Dei eldste kjende bronsegjenstandane er frå Midtausten (Egypt og Mesopotamia) ca. 3500 f.v.t. Derfrå spreidde det seg til Hellas 3200 f.v.t., Aust-Europa 2500 f.v.t., Vest-Europa 2200 f.v.t., Kina 2000 f.v.t., og Skandinavia 1800 f.v.t.

På grunn av dei fåtalige funna trur vi at bronsen i førstninga stort sett vart bruka berre til smykke og andre pyntegjenstandar, særleg sidan tinn på den tida var så vanskeleg tilgjengeleg. Ei anna årsak til fåtalige funn kan òg vera at desse kostbarheitene rett og slett vart passa spesielt godt på. I tillegg til at råmaterialane var kostbare så kravde sjølve bronsestøypinga mykje kunnskap. Derfor var det nok berre dei mektigaste familiane som eigde smykke og våpen av bronse.

Bronceringe
To par bronseringar
Frå Herslev Mose, Vejle og Horn Mose, Gjern, Danmark
Frå siste delen av bronsealderen: 600-500 f.kr.

Bronsealderen i Skandinavia

Bronsealderen i Skandinavia deler vi i to fasar:

  • Eldre bronsealder (1800-1100 f.v.t.)
  • Yngre bronsealder (1100-500 f.v.t.)

Omkring 2000 f.v.t. kom det i gang ein «internasjonal samhandel», mykje fordi dei på den tida fann ein del tinn i England, noko som gjorde det mogleg å laga våpen og reiskapar i større mengder enn før. Frå omkring 1800 f.v.t. fanst det ein sjølvstendig skandinavisk bronsealderkultur, med Danmark som eit sentralt bindeledd. Kopar og tinn vart for det meste «kjøpt» med rav og skinn. Skinna bytte handelsmennene til seg mot bl.a. flint i Noreg. Så fór dei med båtane sine fullasta av bytevarer lengre sør (gjerne opp Elben i dagens Tyskland), der skinna og ravet vart bytt mot kopar. På heimvegen vart noko av koparen og resten av skinna bytt mot tinn i England.

Det at dette nye og framande materialet kom til Skandinavia skuldast altså sannsynlegvis at det pågjekk ei form for organisert handel, og han må ha vore styrt av ein mektig overklasse, for det var ikkje billig å utruste dei lange båtturane som denne handelen kravde.

Kjelde

Bokmålswikipediaen [1]

Sjå òg

Bechamoun

Bchamoun er ein landsby i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Han ligg frå 40 til 580 meter over havet, 12 km frå flyplassen og Beirut. Bechamoun har kring 15 000 innbyggjarar.

Han var den første landsbyen som heiste det libanesiske flagget etter sjølvstendet til Libanon.

Berneray

Berneray (skotsk-gælisk Beàrnaraigh na Hearadh, norrønt Bjarnarey) er ei øy i Sound of Harris i Skottland. Ho er i av femten busette øyar i Ytre Hebridane. Ho er kjend for den rike og fargerike historia, som har trekt til seg mykje turisme.

Øya har eit areal på 10,1 kvadratkilometer og det høgaste punktet på Berneray er Beinn Shlèibhe på 93 meter over havet, medan Borve Hill er 85 meter over havet. Det er funne spor etter busetnad på Berneray frå bronsealderen og kanskje tidlegare. Her finst fleire gamle heilage stader, steinsirklar, spor etter vikingbusetnader og historiske bygningar som er fleire hundre år gamle.

Namnet Berneray kjem frå norrønt og tyder «Bjørnøya».

Bronse

Bronse er ei legering av kopar og eit anna metall, som regel tinn. Legeringa har gjeve namn til bronsealderen. Kopar og sink-legeringa blir kalla messing.

I dag blir bronse særleg brukt til statuar og klokker.

I medaljesamanheng, gjerne innan idrett, vert det ofte rekna som den tredje valøren etter gull og sølv.

Fermentering

Fermentering er biologiske prosessar der mikroorganismar konsumerer næringsemne dei lever og veks i. Prosessen vart bruka alt i bronsealderen for å konservere mat. Vitskapen som studerer fermentering vert kalla zymologi.

Fermentering inneber ein anaerobisk metabolisk nedbryting av eit næringsemne utan nokon netto-oksidasjon.

Forsand kommune

Forsand er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunesenteret heiter Forsand, der dei fleste innbyggjarane bur. Jordbruk og vasskraftproduksjon er viktigaste næringsvegar.

Av ting som er verdt å sjå i Forsand er Preikestolen, som er eit fjellplatå om lag 600 m over Lysefjorden. Det lokale namnet er Hyvlatånnå. Lysefjorden er lang og smal med steile sider, og vart i si tid skildra av Jules Verne som særleg fryktinngytande. Namnet har fjorden etter den lyse granitten i fjellsidene. Elles er fjellmassivet Kjerag nær Lysebotn ein populær stad for basehopparar og fjellklatrarar frå mange land, med sine 1000 meter nesten loddrett ned i Lysefjorden. Her ligg Kjeragbolten, ein rund stein 3-4 meter stor, som er kilt i ein fjellsprekk ytst på Kjeragplatået.

På Forsandmoen er det funne restar etter ein landsby frå slutten av eldre jernalder, og det er bygd eit besøkssenter, kalla Landa. Her finst kopiar av hus frå jernalderen og bronsealderen. Ein meiner det har budd folk her frå om lag 1500 fvt. til om lag år 600. Eit par kilometer frå Landa ligg ei endemorene i sørenden av Haukalivatnet. Det var denne morenen som om lag 1823 fekk professor Jens Esmark til å setja fram teorien om at heile Skandinavia hadde vore dekt av is.

Gravrøys

Gravrøyser er gravminne som, ulikt gravhaugar, er laga fullstendig av stein utan synleg innblanding av jord. Dei kan ha ein toppa eller kvelva profil, og grunnflata kan vera rund, oval, trekanta eller lang.

I Noreg er gravrøyser kjent frå yngre steinalder til sein vikingtid; dei fleste av dei store og dominerande gravrøysene stammar truleg frå bronsealderen.

Grekarar

Grekarar (gresk Έλληνες, ˈelines) er ei folkegruppe frå Hellas, Kypros, kringliggjande område og utvandra grupper over heile verda. Grekarar har hatt stor innverknad på vestleg kultur gjennom filosofi, kultur, mytologi og teologi frå antikken og mellomalderen.

I oldtida viste namnet til ein gresk eller hellensk stamme i Vest-Hellas. Romarane og andre italiske folk nytta seinare nemninga om hellenarane generelt, og gjennom latinen er «grekarar» også i moderne språk blitt den vanlege nemninga på innbyggjarane i Hellas og etterkomarane deira.

Grekarar har historisk danna koloniar og greske samfunn i alle middelhavslanda, men har hatt hovudkonsetrasjonen sin ved Egearhavet og Det joniske havet. Her har ein tala gresk sidan bronsealderen.Fram til byrjinga av 1900-talet budde grekarar spreidd overalt frå den greske halvøya til vestkysten av Anatolia, Pontus ved Svartehavet, Konstantinopel, Egypt, Kypros og Sør-Italia. Mange av desse områda var del av Austromarriket på 1000-talet, medan andre var grunnlagde som tidlegare greske koloniar.Som følgje av Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 fann det stad ei omfattande utveksling av innbyggjarar mellom Hellas og Tyrkia. Dei fleste grekarane frå Det osmanske riket/Tyrkia måtte no bu i det som no er staten Hellas eller på Kypros.

Utanom Hellas og Republikken Kypros bur det no større grupper grekarar i USA, Storbritannia, Tyskland, Australia, Canada og Albania.

Dei fleste grekarar er kristne tilknytte den gresk-ortodokse kyrkja.

Holocen

Holocen eller resent er etter geologisk tidsskala namnet på dei siste kring 10 000 åra i tidsrekninga vår, som siste del av kvartær- tida. Dei 10 000 åra er etter karbondatering, som tilsvarar kring 11 430 kalenderår. Altså byrjar holocen ei gong i tida 9560 f. Kr. til 9300 f. Kr. Tida er definert til å byrja etter den siste istida på den nordlege halvkula. Yngre dryas er namnet på den siste kuldeperioden under pleistocen. Etter den tid byrja isbreane å trekkja seg attende.

Nyleg er det føreslått at holocen enda ved starten av anthropocen, ein føreslått epoke som starta på 1700-talet då mennesket byrja å påverke det globale klimaet. Holocen er ein del av neogen og kvartær. Namnet kjem frå dei greske orda ὅλος (holos, 'heilt') og καινός (kainos, 'ny'), og tyder 'heilt nye'.

Holocen vert delt inn i fem kronoson basert på klimasvingingar:

Preboreal (10 000–9000),

Boreal (9000–8000),

Atlantikum (8000–5000),

Subboreal (5000–2500) og

Subatlantikum (2500 til i dag).Jordbruk og menneskelege sivilisasjonar dukka opp i holocen. Paleontologar har ikkje definert aldrar for holocen og når inndelingar er nødvendig vert stundom mellomsteinalder, yngre steinalder og bronsealderen nytta. Men bruken av desse periodane varierer frå stad til stad etter kor tid teknologiane frå desse tidene dukka opp.

Klimatisk kan holocen delast inn i periodane hypsitermal og nynedisinga, der skiljet mellom dei to går ved starten av bronsealderen i dei vestlege sivilisasjonane. I følgje enkelte forskarar starta ein tredje periode kalla anthropocen på 1700-talet. Det er omdiskutert om dette er ein alder i holocen eller ein epoke som kjem etter holocen.

Induskulturen

Induskulturen er ein tidleg høgkultur som fann stad i den sørasiatiske bronsealderen, frå midten av 2000-talet til midten av 1000-talet f.Kr. Det er funne spor etter kulturen i store område rundt elva Indus, der dei best kjende byane er Harappa og Mohenjodaro. Indusfolka utvikla byplanlegging, kloakksystem, eit teiknsystem og økonomi og dreiv handel med det gamle Egypt og Mesopotamia. Nedgangen til kulturen rundt 1500 f.Kr. er sett i samanheng med den ariske innvandringa til Sør-Asia, men dette er usikkert.

Jarnalderen

Jarnalderen eller jernalderen er i arkeologien rekna som den tidsepoken der bruken av jarn er framståande i produksjonen av våpen og reiskap. I Noreg begynte jarnalderen frå om lag år 500 f.v.t., men dei tidlegaste spora av jarnutvinning er mykje eldre, kanskje så tidleg som år 3000 f.v.t. Det tok bortimot 1000 år frå menneskeslekta oppdaga jarnutvinning til kunnskapen nådde Norden. Jarnalderen begynte på ulike tider på ulike plassar i Europa.

I Europa og Asia kjem jarnalderen etter bronsealderen, mens han i resten av verda kjem direkte etter steinalderen. Det er vanskeleg å tidfeste jarnalderen nøyaktig for ein enkelt region, men det refererer til den tidsepoken der bruken av jarn er det mest avanserte metallarbeidet til ein sivilisasjon.

Dei første teikna på bruk av jarn kjem frå det gamle Egypt og Sumer, der dei laga små gjenstandar som spydspissar og ornament allereie i år 4000 f.v.t.

Lur

Lur er eit blåseinstrument av tre eller metall. Det er eit langt naturhorn utan fingerhol der ein former lyden ved hjelp av leppene (embouchure).

Lurar har lang historie. I Norden kan dei førast tilbake til bronsealderen.

Lurar av bark (t.d. olderlur) eller tre tekka med never (neverlur), eller tæger (tåglur) var nytta i norsk seterdrift heilt til 1900-talet.

Ein kjenner liknande lurar med lengd på opptil 4–5 meter frå Karpatane, Alpane (alpehorn) og Pyreneane.

Eit eige lag for lur og bukkehorn, Norsk Lur-og Bukkehornlag, blei skipa i 1996.

Masafi

Masafi er ein landsby langs foten av Hajarfjella i Dei sameinte arabiske emirata. Fram til nyare tid, før Sharja/Kalba-vegen og vegen mellom Dibba og vegen 311 vart bygd, var vegen gjennom Masafi den einaste vegen frå det indre av landet til austkysten av Emirata. Vegen frå innlandsbyen Dhaid deler seg ved Masafi og fører til Dibba i nord og Fujeirah i sør.

Det er gjort fleire utgravingar med funn attende til bronsealderen i Masafi, mellom anna eit nyleg restaurert stein- og adobefort, som er mindre men i same stil som det nærliggande fortet i Al Bithnah. Nær fortet ligg eit flott døme på ein falaj, ein underjordisk vassveg som vart bygd for å føre vatn frå fjella til oasebyane i det indre av landet.Det låg ei ujamn flystripe ved Masafi som vart nytta av omanske speidarar under Traktattida.

Metall

Metall er stoff som både er sterke og lette å forma, og som leier varme og elektrisitet. Dei fleste metalla har stor tettleik og høge smeltepunkt, og er ofte blanke og skinande.

At metall har vore svært viktige for menneskja si utvikling, ser me i metallnamna på tidsaldrar som jernalderen og bronsealderen.

Ei legering er ei blanding av ulike grunnstoff som oppfører seg som eit metall og inneheld minst eitt, men gjerne fleire ulike, metalliske grunnstoff.

Peloponnes

Peloponnes (gresk Πελοπόννησος, Pelopónnisos) er ei stor halvøy sør i Hellas og ein av dei tradisjonelle regionane i landet. Haøvøya dannar delen av det greske fastlandet sør for Korintbukta og er i dag delt mellom periferiane Peloponnes og Vest-Hellas.

Sarpsborg

Sarpsborg ein by og administrasjonssenter i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Byen utgjer den nordaustre delen av tettstaden Fredrikstad/Sarpsborg, som har 111 267 innbyggjarar per 1. januar 2017 og er den femte største tettstaden i Noreg. Sarpsborgdelen av tettstaden har 54 678 innbyggjarar (2016).

Bysenteret i Sarpsborg er prega av eit rektangulært gatenett med hovudgata, St. Marie gate, langs toppen av raet. Denne går over Øvre Torg, som er byens handelstorg, og inntil dette ligg Nedre Torg med rutebilstasjon. Sør for torga ligg Sarpsborg kyrkje frå 1863 og den nesten 100 mål store naturparken Kulås med fleire gravminne frå tida rundt Kristi fødsel. Ved Hornes finst helleristningsfelt frå bronsealderen, som er om lag 3000 år gamle. I sentrum er mange eldre trehus skifta ut med moderne forretningsgardar. Industrien er dominert av anlegga til Borregaard langs elva nedanfor fossen. Heilt i sørvest er det hamneområde på Melløs og i Sannesund.

Byen har kontor for fylkeskommunens administrasjon. Utdanningstilbod omfattar vidaregåande skole med fleire studieretningar og Høgskolen i Østfold med avdelingar for ingeniør- og realfag. Ved «Olavsvollen» ligg Borgarsyssel Museum, som er fylkesmuseum for Østfold. Sykehuset Østfold har avdeling i Sarpsborg.

Shang

Shang, tidlegare også kjend som Yin-dynastiet, var eit dynasti i Kina under bronsealderen på 1000-talet f.Kr. Det er tradisjonelt tidfest til å ha vart frå 1760 eller rundt 1600 f.Kr. til 1122/1027 f.Kr. Det herska over den nedre elvedalen til Huangelva.

Dynastiet etterfølgde det halvmytiske Xia-dynastiet og blei etterfølgd av Zhou-dynastiet.

Shang er det første kinesiske dynastiet ein har historiske kjelder frå. Den første hovudstaden til dynastiet heitte Bo eller Xibo (Vestre Bo).

Den siste hovudstaden til Shang låg nær byen Anyang i Henan. Han blei funnen att i 1899 og graven ut i perioden 1928–1937.

Sola kommune

Sjå òg Sola (fleirtyding) for andre ting som heiter SolaSola er ein kommune i Rogaland fylke med 19 555 innbyggjarar pr. 1. januar 2004, 9 571 av desse bur i tettstaden Solakrossen. Andre tettstadar er Tananger (5 833), Hålandsmarka (604) og Stenebyen (643).

Ved inngangen til 1980 var folkemengda i kommunen 12 323.

Sola kommune tilsvarar det som frå 1840 heitte Sola sokn i Håland herad.

Det er sju valkrinsar i Sola kommune; Tananger, Sola, Håland, Dysjaland, Stangeland, Røyneberg og Grannes.

Stavanger lufthamn, Sola, Hovudredningssentralen for Sør-Noreg og Sola Flystasjon ligg i Sola kommune. I Risavika ligg eit stort hamneanlegg.

Sykkylven

Sykkylven er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ytst på austsida av Sykkylvsfjorden og har 4 321 innbyggjarar per 1. januar 2017. Den sentrale delen av tettstaden er kalla Aure og ligg ved Aureelva, som renn ut i fjorden frå Andestadvatnet i aust. Gardsnamnet Aure kjem av «aurr» i tydinga 'grus'. Like ved Aureelva ligg tre lokale skular: barneskule, ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule.

Sykkylven er eit senter for handel og tenesteverksemd. Staden har også industri, der særleg møbelindustrien har stått sterkt. Mellom anna har møbelprodusenten Brunstad hovudkontor og Hjellegjerde ein fabrikk i Sykkylven.

I Sykkylven sentrum (Aure) er funne buplassar med fleire større hus frå jern- og bronsealderen. Arkeologiske utgravingar på Auremarka viser busetnadsspor som går tilbake til 800 år før vår tidsrekning. I tettstaden ligg også Sykkylven Naturhistoriske Museum med oppbygd naturlandskap for fuglar og dyr. Sykkylven kyrkje er ei arbeidskyrkje i betong som vart oppført i 1990. Norsk Møbelfaglig senter, som utgjer ein del av Stiftelsen Sunnmøre museum, ligg i Aure. Avisa Sykkylvsbladet kjem ut i Sykkylven to dagar i veka.Sykkylven har vegsamband med Ålesund via ferje over Storfjorden, som del av fylkesveg 60 og E39. Fylkesveg 60 held fram sørover via Stranda til E39 i Hornindal i Nordfjord.

Yngre steinalder

Yngre steinalder viser til siste delen av steinalderen, då dei fleste menneske blei bufaste jordbruksfolk. Tida er også kjend som bondesteinalderen, neolittisk tid eller neolitikum. Den yngre steinalderen var prega av «den neolittiske» eller «jordbruksrevolusjonen», ei gradvis endring frå jakt og sanking til dyrehald og dyrking av jorda som hovudnæringar. Slike «revolusjonar» fann stad fleire stader på jorda, uavhengig av kvarandre, og spreidde seg så ofte gjennom kontakt. Ein reknar med at yngre steinalder tok til rundt 8500 f.Kr. i den fruktbare halvmånen i Midt-Austen, der ho frå rundt 3500 f.Kr. blei avløyst av bronsealderen. I Norden reknar ein tida 4000–1800 f.Kr. til yngre steinalder.

Endringane omfatta nye teknologiar, som polerte steinreiskapar, veving og pottemakeri i stort omfang; mogleik for matoverskot og større busetjingar i hus og landsbyar, men også eit meir einsidig kosthald og nye sjukdommar og epidemiar. Ein fekk større yrkesspesialisering, truleg også større sosial skilnad. Store steinsetjingar og gravkammer blei bygde på denne tida, noko som peiker mot organiserte samfunn og at visse personar var verdige større gravminne. Funn av gjenstandar som har flytta seg over større avstandar viser at ein dreiv handel. Busetjingar med vernande påleverk, skjelett med spor av vald og bergkunst av krigarar tyder på at det også blei utkjempa konfliktar.

Nokre viktige funnstader frå yngre steinalder er Abu Hureyra i Syria, Çatal Höyük i Tyrkia, Jeriko på Vestbreidda, Mehrgarh i Pakistan og Yangshao i Kina.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.