Brasil

Brasil er ein republikk og den største staten i Sør-Amerika både i flatevidd, folketal og bruttonasjonalprodukt. Landet grensar til alle andre statar i Sør-Amerika utanom Chile og Ecuador. Brasil er kjend for å ha store areal regnskog, og har fått namn etter brasiltreet, som voks i store mengder i området då landet blei oppdaga av europearar.

Republica Federativa do Brasil

(norsk: Brasil, brasiliansk)

Det brasilianske flagget Det brasilianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hino Nacional Brasileiro»
Motto 'Ordem e Progresso ('Orden og framgang')
Geografisk plassering av Brasil
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Brasília
Styresett
Forbundsrepublikk
Jair Bolsonaro
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
8 514 877 km² (5.)
0,65 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
207 353 391 (5.)
24,4 /km² (153.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Portugal
7. september 1822
29. august 1825
Nasjonaldag 7. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 166 000 mill. USD (7.)
16 700 USD (78.)
Valuta Real
Tidssone UTC -2 til -5
Telefonkode +55
Toppnivådomene BRL

Geografi

Brazil map en 2004
Kart over Brasil

Hovudstaden i landet er Brasilia og andre store byar inkluderer São Paulo og Rio de Janeiro. Brasil er nesten like stort som USA og er rikt på naturressursar.

Ekvator går gjennom Brasil, og landet har derfor hovudsakleg tropisk klima. Mykje væte har ført til veksten av den store regnskogen i Amazonas nord i landet. Eit opnare, tørrare landskap av åsar og låge fjell sør i landet har gjeve rom til mykje av det viktige landbruket i landet.

Langs atlanterhavskysten ligg fleire fjellkjeder som kan ha toppar på om lag 2 900 meter. Pico da Neblina på 3 140 moh. som ligg nord i landet, i Guiana, er likevel den høgaste fjelltoppen.

Amazonaselva er ei viktig elv i Brasil og ei av dei største i verda. Andre viktige elvar er Paranáelva, Iguaçu, Rio Negro og Tapajós.

Innbyggjarar

Dei fleste brasilianarane bur i kystnære område.

Folket i Brasil er prega av tre store folkegrupper; brasilianske urfolk, innvandra europearar og importerte afrikanarar. Det har vore vanleg for desse gruppene å gifta seg med kvarandre, slik at innbyggjarane er blitt blanda til «brasilianarar». Samfunnet er likevel prega av skjult rasisme, der dei som har lysare hudfarge som regel òg høyrer til ein betre sosial klasse, og unngår å blanda seg med mørkhuda. Som ein hovudregel bur folk av mest europeisk avstamming sør i landet og folk av blanda nedætting i nord og nordaust.

Hovudgrupper

Brasil ber preg av å ha vore ein portugisisk koloni frå om lag 1500 til 1822. Eit fleirtal av folket nedstammar frå portugisarar, portugisisk er òg det viktigaste språket i landet, og kulturen har mange portugisiske trekk. Ei anna viktig europeisk innvandrargruppe er tyskarar som hovudsakleg busette seg i Blumenau sør i landet.

Afrikanske slavar som kom til landet mellom 1500- og 1800-talet har skapt ei stor gruppe farga. Dei stammar mellom anna frå joruba-, ewe- og bantufolk.

Brasilianske urfolk har i stor grad blitt absorberte av innvandrarane, men det finst spreidde stammar som framleis held på dei førkolumbiske identitetane sine. Desse utgjer om lag 1 % av innbyggjarane i Brasil. Dei viktigaste større urfolkgruppene er tupiar og guaraniar.

Nyare innvandring

Innvandring frå Europa til Brasil auka på 1870-talet, særleg med innflyttarar frå Italia. Etterkomarane deira utgjer no 15 % av befolkningar, om lag 25 millionar menneske, og er den største samlinga italienarar utanfor moderlandet. Ei anna stor gruppe kom frå Spania, medan 1800- og tidleg 1900-tal òg såg innvandring frå land som Polen, Russland, Ukraina og Austerrike. Desse innvandrarane busette seg mest i dei sørlege statane.

Tidleg på 1900-talet tok òg japanarar til å flytta til landet. Dei er den største asiatiske minoriteten i landet, og befolkninga på 5 millionar er den største samlinga japanarar utanfor Japan.

Store grupper frå Midtausten, som Libanon og Syria, har òg kome til landet.

Kjelder

1848

1848 (romartal MDCCCXLVIII) er kjent som eit revolusjonsår. Dårleg økonomi og misnøye med styresmaktene førte til opprør i Brasil og fleire land i Europa. Mange liberalarar trudde at dette var byrjinga på ei ny tid, mange regime trudde det var slutten på deira. Dei tok for det meste feil. Dei fleste revolusjonane blei slått ned utan at folk fekk det noko betre. Revolusjonsåret var likevel eit signal om den mektige sosialistiske rørsla som skulle reisa seg seinare.

Argentina

Argentina er eit land i Sør-Amerika som ligg mellom Andesfjella i vest og Atlanterhavet i sør og aust. Det grensar til Bolivia, Brasil, Chile, Paraguay og Uruguay. Namnet Argentina kjem frå det latinske ordet for sølv, argentum. Landet fekk namnet på grunn av at dei første koloniherrene trodde landet var rikt på sølv.

Bolivia

Bolivia er ein republikk i Sør-Amerika som grensar mot Chile, Peru, Brasil, Paraguay og Argentina.

Hovudstaden er Sucre, men dei største byane er Santa Cruz og Cochabamba.

Colombia

Sjå òg Columbia, eit namn knytt til mykje i eller frå USA.

Colombia er ein republikk i det nordvestlege Sør-Amerika som grensar til Panama i nordvest, Det karibiske havet i nord, Venezuela i aust, Brasil, Peru og Ecuador i sør og Stillehavet i vest.

Latin-Amerika

Latin-Amerika er dei landa i verdsdelen Amerika der fleirtalet av menneske talar anten spansk (kastiljansk) eller portugisisk, begge romanske språk som er etterkommarar etter latin.

Latin-Amerika omfattar heile Sør-Amerika unntatt tre små land rett nord om Brasil («dei tre Guianaane»), heile Sentral- eller Mellom-Amerika, den sørlegaste delen av Nord-Amerika (Mexico) og nokre av øyane i Mexico-bukta/Karibia.

Paraguay

Republikken Paraguay er eit land som ligg midt i Sør-Amerika og grensar til Bolivia i nordvest, til Brasil i nordaust og til Argentina i sør og sørvest.

Peru

Peru er ein republikk i Sør-Amerika som har grense til Ecuador, Colombia, Chile, Brasil og Bolivia og kyst mot Stillehavet. Landet dekkjer ein del av Andesfjella og regnskogen i Amazonas. Titicacasjøen ligg på grensa mot Bolivia. Inkariket hadde kjerneområde i dagens Peru.

Plattysk

Plattysk, nedertysk eller lågtysk er eit vestgermansk språk nært i slekt med nederlandsk og frisisk som først og fremst blir tala i det nordlege Tyskland. Plattysk var hovudspråket for hansaene i seinmellomalderen og kom til å få svært sterk innverknad på dei skandinaviske språka.

Plattysk skil seg ut frå høgtysk ved at den høgtyske konsonantforskyvinga ikkje har funne stad, og stort sett òg ved mangelen av diftongisering av dei gamle lange vokalane î og û.

Nedertysk kan delast i tre greiner: Nedersaksisk, austnedertysk og nederfrankisk. Dei første to blir hovudsakleg tala i dagens Nord-Tyskland. Den siste omfattar nederlandsk og afrikaans som blir tala i Sør-Afrika.

Engelsk og frisisk er utvikla frå ei eldre form for nedertysk, gammalsaksisk (også kalla gammalnedertysk).

Portugal

Portugal er eit land på Pyrenéhalvøya sørvest i Europa. Portugal grensar til Spania og har kyst mot Atlanterhavet. Øyane Madeira og Asorane høyrer òg til Portugal. Landet har ei fortid som kolonimakt og herska mellom anna over Brasil og Mosambik, men har òg sjølv opplevd ytre påverkingar frå ulike folkeslag, som keltarar, fønikarar, romarar, visigotarar og maurarar.

Portugisisk

Portugisisk er eit språk som blir snakka i Portugal, Brasil og i dei tidlegare portugisiske koloniane i Afrika, spesielt i Kapp Verde, Angola og Mosambik. Meir enn 200 millionar menneske har portugisisk som morsmål.

Språket er ein del av den romanske språkklassa. Galisisk, som blir snakka i Galicia nord for Portugal, er nært i slekt med portugisisk, og i språkvitskapen blir dei to gjerne rekna som eitt språk. Politisk er dei likevel to språk på det viset at dei har kvar si rettskriving og oftast blir nemnd med kvart sitt namn.

Portugisisk liknar så mykje på spansk (kastiljansk) at morsmålstalarar finn det enkelt å lære å forstå kvarandre. Det har mykje av ordforrådet til felles med dei andre romanske språka. Som dei fleste av dei, har språket to grammatiske kjønn og ei rik verbbøying. Det har faktisk former som ikkje finst eller er sjeldne sjølv i nærskylde språk, mellom anna ein infinitiv som kan bøyast i person og tal.

Rio de Janeiro

Sjå òg Rio de Janeiro (fleirtyding)Rio de Janeiro er både namnet på ein delstat søraust i Brasil og namnet på hovudstaden i same delstat. Namnet tyder "Januarelva" på portugisisk.

Byen var hovudstaden i Brasil mellom 1763 og 1960 og hovudstaden i heile det portugisiske imperiet mellom 1808 og 1821. Byen vert som regel berre kalla Rio, og har i tillegg kallenamnet A Cidade Maravilhosa - "Den vidunderlege byen".

Byen er kjend verda rundt på grunn av fleire unike særtrekk: spektakulær natur, den årlege karnevalsfeiringa, samba og andre musikkformer, kjende strender som Copacabana, Ipanema og Leblon, og fortau pynta med svarte og kvite bølgjer. Dei mest kjende landemerka i tillegg til strendene er kristusstatuen Cristo Redentor på Corcovado-fjellet, Sukkertoppen, karnevalsbygget Sambodromen, og Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største. Rio har òg den største skogen i verda som ligg innanfor bygrenser, nemleg Floresta da Tijuca, eller Tijuca-skogen.

Om ein inkluderer drabantbyane, er befolkninga på lag 14 millionar. Rio er den nest største byen i Brasil etter São Paulo, og var hovudstad i Brasil fram til 1960, då Brasília vart gjort om til hovudstad. Personar frå Rio vert kalla cariocas.

Sommar-OL 2016

Sommar-OL 2016 var dei 31. olympiske sommarleikane. Rio de Janeiro i Brasil vart vald som vertsby då den internasjonale olympiske komitè møttest i København i Danmark den 2. oktober 2009. Andre sterke kandidatar var Madrid og Spania som ikkje nådde opp i konkurransen mot London, Paris og Moskva om å arrangera sommar-OL 2012. Kandidatane var:

Chicago i USA

Tokyo i Japan

Rio de Janeiro i Brasil

Madrid i Spania

São Paulo

Sjå òg São Paulo (fleirtyding)São Paulo (offisielt namn Município de São Paulo) er hovudstaden i delstaten São Paulo og den største byen i Brasil så vel som på den sørlege halvkula. Folketalet ved folketeljinga i 2000 var 10 434 252 innbyggjarar; i 2005 anslo IBGE folketalet til å vera om lag 10 927 985 og i 2010 om lag 11 057 629.

Han blir rekna som ein av dei viktigaste byane i Brasil, både frå eit sosialt, økonomisk og politisk synspunkt.

Innanfor bygrensene bur det om lag 20 237 000 menneske, og dermed er São Paulo den mest folkerike byen i Brasil og den 3. største i verda, etter Tokyo og Mexico by. BNP til São Paulo var på 76 milliardar dollar i 2005. Budsjettet til byen er det tredje største i Brasil, nest etter det nasjonale budsjettet og budsjettet til delstaten São Paulo.

Enkelte av naboregionane til São Paulo vert rekna som storbyområde, som til dømes Campinas og Santos. Det er fleire større bysentrum i området som er i sterk vekst, slik som Jundiaí, Sorocaba og São José dos Campos. Desse områda vert kalla «Complexo Metropolitano Estendido», eller storbyregionen, og har over 29 millionar innbyggjarar, noko som utgjer 70 % av delstaten.

Uruguay

Uruguay er ein republikk i Sør-Amerika som grensar til Brasil, Argentina og Atlanterhavet. Landet er det nest-minste landet i Sør-Amerika og er eit av dei mest politisk og økonomisk stabile.

Namnet Uruguay kan vere samansett av dei indianske orda uru, som tyder fugl, og guay, som tyder hale, som òg er namnet på ein fugleart som var svært vanleg i Uruguay.

VM i fotball 1994

Verdsmeisterskapen i fotball i 1994 vart avvikla i USA i tida 17. juni - 17. juli 1994. Dei 52 kampane vart spelt på ni arenaer i like mange byar; Pasadena, East Rutherford, Palo Alto, Dallas, Foxborough, Orlando, Chicago, Washington D.C. og Pontiac. Brasil vart verdsmeister for fjerde gong då dei vann 3-2 i straffesparktevlinga, etter 120 mållause minuttar mot Italia. Meisterskapen var den 15. i rekka, og var den fyrste arrangert utanfor Europa og Latin-Amerika.

Turneringsformatet for dei 24 landa som deltok i verdsmeisterskapen var det same som ved dei føregåande meistarskapane. Deltakarlanda vart delt inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe, samt dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Romania, Sverige, Brasil, Nederland, Tyskland og Spania tok seg vidare frå åttedelsfinalane etter 90 minuttars spel, Italia trengde derimot ekstraomgangar for å slå ut Nigeria, medan Bulgaria sende Mexico heim gjennom straffeskytinga.

Brasil, Italia og Bulgaria sikra seg semifinalplass med eittmålssigrar over høvesvis Nederland, Spania og Tyskland. Sverige fekk den siste semfinaleplassen då laget vann 5-4 etter straffesparktevling mot Romania, ved full tid stod det 2-2. I semifinalene vann Brasil 1-0 over Sverige og Italia 2-1 over Bulgaria. Sverige tok bronsemedaljen etter å ha vunne med 4 mot 0 over Bulgaria.

Hristo Stoitsjkov frå Bulgaria og Oleg Salenko frå Russland vart toppskårarar med kvar sine seks mål.

Noreg deltok i verdsmeisterskapen i fotball for fyrste gong sidan 1938. Laget enda på fjerdeplass i gruppe F, med like mange poeng som dei andre landa i gruppa, men med dårlegare målskilnad. Egil Olsen var norsk landslagssjef.

VM i fotball 1998

Verdsmeisterskapen i fotball i 1998 vart avvikla i Frankrike i tida 10. juni-12. juli 1998. Vertslandet Frankrike vart verdsmeister for fyrste gong, etter finalesiger 3-0 over Brasil. Landet vart dermed det sjuande som vann eit fotball-VM for menn. Meisterskapen var den 16. i rekka. Dei 64 VM-kampane vart spelt på ti arenaer i like mange kommunar: Bordeaux, Lens, Lyon, Marseille, Montpellier, Nantes, Paris, Saint-Denis, Saint-Étienne og Toulouse.

Både talet på deltakarland og turneringsformatet var endra frå den førre verdsmeisterskapen. Talet på lag var utvida frå 24 til 32. Laga spelte i åtte kvalifiseringsgrupper der dei to beste laga i kvar gruppe gjekk vidare til utslagsspel.

Noreg deltok for i tredje gang i fotball-VM for menn. Laget vart nummer to i gruppe A, etter Brasil. Noreg møtte Italia i åttedelsfinalen og tapte 0-1.

Frå kvartfinalane gjekk Frankrike vidare etter straffesparktevling mot Italia. Laget fekk med seg Brasil, Nederland og Kroatia. Semifinalen mellom Brasil og Nederland møtte avgjerast med straffeskyting, der brasilianarane viste seg som dei beste. I den andre semifinalen vann Frankrike 2-1 over Kroatia, som på si side vann bronsekampen mot Nederland med dei same sifra.

Davor Suker frå Kroatia vart toppskårar med sine seks nettkjenningar.

VM i fotball 2002

Verdsmeisterskapen i fotball i 2002 blei arrangert av Sør-Korea og Japan mellom 31. mai og 30. juni. Det var den 17. verdsmeistarskapen sidan byrjinga i 1930.

For fyrste gong i historia vart VM organisert av to land, og for fyrste gong vart det ikkje arrangert i Europa eller Amerika. Turneringa var tileigna alle borna i verda. Brasil vart verdsmeistrar for femte gong.

Turneringsformatet var uendra frå 1998: 32 lag vart delte inn i åtte grupper à fire lag. Åtte gruppevinnarar og dei åtte gruppetoarane kvalifiserte seg til cupsluttspelet.

Mange av førehandsfavorittane til meisterskapen vart slegne ut tidleg i turneringa. Verken Frankrike, Portugal eller Argentina overlevde den fyrste runden, og Italia og Spania vart slegne av Sør-Korea. Tre lag kom til kvartfinalen for fyrste gong: Tyrkia, Senegal og Sør-Korea. Tyrkia og Sør-Korea gjekk heilt til semifinalen.

Til slutt var det likevel to store fotballnasjonar som møttest i finalen. Den mestvinnande nasjonen, Brasil, møtte nasjonen med nest best VM-resultat, Tyskland. Brasil vann 2-0, og sikra seg sin femte tittel, ny rekord. Finalen i 2002 var utruleg nok fyrste gong Brasil hadde møtt Tyskland i ein VM-kamp. Ronaldo vart toppscorar med sine åtte mål.

VM i fotball 2006

Verdsmeisterskapen i fotball i 2006 vart arrangert i Tyskland mellom 9. juni og 9. juli. Det var den 18. verdsmeistarskapen sidan byrjinga i 1930. Opningskampen vart spelt i München, medan finalen gjekk av stabelen Berlin.

Vedtaket om å tildele meisterskapen til Tyskland var omdiskutert, sidan det var venta at han skulle gå til eit afrikansk land (med Sør-Afrika som favoritt), og FIFA-presidenten Sepp Blatter hadde lagt stor prestisje i å få meisterskapen til Afrika. Etter at meisterskapen vart tildelt Tyskland, har FIFA sagt at dei ynskjer å innføre eit system der arrangementet roterer mellom dei ulike verdsdelsforbunda.

I finalen møtte Italia Frankrike, og kampen enda 1 - 1, og vart avgjort med straffesparkkonkurranse som enda 5 - 3, og dermed vann Italia VM i fotball for fjerde gong. Miroslav Klose frå Tyskland vart toppscoraren i VM med sine fem mål.

VM i fotball 2014

VM i fotball 2014 var den 20. verdensmeisterskapen i fotball og vart arrangert i Brasil frå 12. juni til 13. juli i 2014. Finalen vart spelt på stadionet Maracanã, og Tyskland vart verdsmeister då dei slo Argentina 1-0 etter ekstraomgangar.

VM i 2014 var andre gong Brasil arrangerte fotball-VM. Første gong var i 1950, og Brasil vart dermed det femte landet som arrangerte VM to gonger, etter Mexico, Italia, Frankrike og Tyskland.

Sør-Amerika
Argentina | Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama | Paraguay | Peru | Surinam | Uruguay | Venezuela
Den søramerikanske unionen
Medlemmar
Observatørar
  • Mexico
  • Panama
  • Den arabiske ligaen
    Medlemmar
    Observatørar
  • Brasil
  • Eritrea
  • India
  • Venezuela
  • Suspendert
  • Syria
  • På andre språk

    This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
    Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
    Images, videos and audio are available under their respective licenses.