Boeing B-17 Flying Fortress

Boeing B-17 Flying Fortress var eit amerikansk fire motors bombefly utvikla og produsert av flyprodusenten Boeing før og under den andre verdskrigen. Bombeflyet vart nytta av det amerikanske luftforsvaret og det britiske Royal Air Force. Flyet vart forbetra ei rekkje gonger gjennom krigen. B-17 Flying Fortress var kjend for å kunne ta imot særs mykje juling og likevell komme trygt tilbake til basen. «Memphis Belle» var namnet på eit legendarisk B17F bombefly som var mykje nytta i amerikank propaganda under krigen. I 1990 vart det laga film om Memphis Belle.

B-17 on bomb run
Eit B-17G bombefly
Boeing

The Boeing Company (som regel forkorta til Boeing) er ein amerikansk fabrikant av fly og romfartsmateriale for sivile og militære føremål. Hovudkvarteret ligg i Chicago i Illinois, medan det største produksjonsanlegget ligg i Seattle i Washington.

Hovuddivisjonane er Boeing Integrated Defense Systems, som er ansvarleg for forsvars- og romfartsprodukt, og Boeing Commercial Airplanes, som er ansvarleg for sivile luftfartøy.

Bombefly

Bombefly er militære fly som er utvikla med det føremålet å angripe fiendtlege mål på bakken eller til sjøs. Dette ved gjort ved å sleppe bomber over målet som skal øydeleggjast. Ein skil òg mellom strategiske og taktiske bombefly. Strategiske bombefly bombar gjerne strategiske mål som våpenfabrikkar og viktig økonomisk infrastruktur, medan taktiske bombefly gjerne støttar eigne manøverelement i nærleiken av fronten eller der den væpna striden går føre seg. Bombeflya er til vanleg verna av jagarfly.

Mellom kjende bombefly kan nemnast: B-2 Spirit, Boeing B-17 Flying Fortress, Boeing B-52 Stratofortress og Avro Lancaster

Dresden

Dresden (sorbisk: Drježdźany) er ein by i Tyskland og hovudstaden i delstaten Sachsen ved elva Elbe. Byen har like over 500 000 innbyggjarar, men medrekna innbyggjarane som bur i storbyområdet er talet nærare ein million. Dresden er eit kulturelt, politisk og økonomisk hovudsenter i området sitt.

Byen er blitt kjend som offer for eit øydeleggjande bombeåtak mot slutten av den andre verdskrigen, som øydela størstedelen av bysentrum og drap svært mange menneske (estimert frå 20 000 til 200 000 avhengig av kjelde, i ein rapport frå 2010 fastsett til 20 - 25 000 menneske). Trass i bombinga har byen mange vakre bygningar, mange av dei attoppbygde etter krigen. Frauenkirche, eit tidlegare landemerke for byen som gjekk med i åtaket, er i ferd med å bli restaurert i 2005.

Før bombinga var Dresden kjend som ein av dei vakraste byane i Europa, med ei stor samling bygg frå barokken. På grunn av dette har han fått tilnamnet Elbflorenz, eller «Firenze ved Elbe». Nyare nemningar er «den tyske Silicon Valley», på grunn av den sterke satsinga på teknologiforsking.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.