Bispedømme

Eit bispedømme eller stift er eit geografisk område og ei administrativ eining i kyrkja, leidd av ein biskop og eventuelt av eit bispedømmeråd.

Nemninga er brukt i Den katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja og i nokre protestantiske kyrkjer, mellom anna Den norske kyrkja. I Den ortodokse kyrkja finst ei tilsvarande eining som typisk blir kalla eparki.

Bispedømme i Noreg

Dioceses Church of Norway
Kart over bispedømma i Den norske kyrkja.

I Noreg er det tre bispedømme i Den katolske kyrkja og elleve bispedømme i Den norske kyrkja.

Bispedømme i Den katolske kyrkja i Noreg

Bispedømme i Den norske kyrkja

Fram til 1919 var nemninga stift.

Agder og Telemark bispedømme

Agder og Telemark bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja og omfattar Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder fylke. Sidan 2013 har Stein Reinertsen vore biskop i Agder og Telemark.

Biskopen har sete i Kristiansand med Kristiansand domkyrkje.

Bjørgvin bispedømme

Bjørgvin bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskopen har sete i Bergen. Etter Ole D. Hagesæther vart Halvor Nordhaug biskop i Bjørgvin 2009.

Borg bispedømme

Borg bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispedømmet omfattar heile Østfold fylke og Akershus fylke utanom kommunane Asker og Bærum, som høyrer til Oslo bispedømme. Biskopen har sete i Fredrikstad med Fredrikstad domkyrkje. Biskopen for Borg er Atle Sommerfeldt, som blei utnemnd i 2012.

Hallingdal

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud fylke, som strekkjer seg frå nordenden av innsjøen Krøderen til dei nordlege og nordaustlege delane av Buskerud som grensar til fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Dalføret er omgjeve av høge fjell på begge sider og består av dei seks kommunane Flå, Nes, Gol, Ål og Hol rekna nedanfrå, og Hemsedal i ein sidedal nordvest for Gol. Distriktet har til saman 20 522 innbyggjarar (2013) og dekkjer eit område på 5 830 kvadratkilometer.

Hamar bispedømme

Hamar bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er på Hamar med Hamar domkyrkje.

Hardanger og Voss prosti

Hardanger og Voss prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Eidfjord, Fusa, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss. Prosten har sete på Vossavangen.

Fusa og Samnanger vart overført til prostiet i 2014, etter at Midhordland prosti vart lagt ned.Prostiet er inndelt sokn og soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Molde

Molde er ein by og administrasjonssenteret i Molde kommune i Møre og Romsdal. Byen ligg på nordsida av Moldefjorden, ei fjordstrekning i den opne, breie delen av Romsdalsfjorden, innanfor Otrøya. Tettstaden Molde omfattar det gamle bysentrumet og byggefelta rundt byen, og har 20 863 innbyggjarar per 1. januar 2017.

I Molde ligg fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal. Byen er også sete for fylkesmannen og har fleire fylkeskommunale og statlege institusjonar. Molde har regionalt sjukehus og regionteater. Det ligg fleire vidaregåande skolar i byen. Høgskolen i Molde har avdelingar for økonomi, informatikk, samfunnsfag og helse- og sosialfag. Molde er bispesete for Møre bispedømme.

Møre bispedømme

Møre bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er i Molde, med Molde domkyrkje.

Nidaros bispedømme

Nidaros bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskopen har sete i Trondheim, med Nidarosdomen som domkyrkje.

Nord-Hålogaland bispedømme

Nord-Hålogaland bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskop Per Oskar Kjølaas har sete i Tromsø med Tromsø domkyrke. Bispedømmet femner Troms, Finnmark og Svalbard og har 66 sokn og ni prosti.

Hålogaland bispedømme vart oppretta i 1804 og femnde Nordland, Troms og Finnmark. I 1952 vart bispedømmet delt i to og Nordland har sidan utgjort Sør-Hålogaland bispedømme.

Oslo bispedømme

Oslo bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er i Oslo med Oslo Domkyrkje. Biskop er Ole Christian Mælen Kvarme.

Bispedømet femner prostia i Oslo fylke og i Asker og Bærum kommunar i Akershus fylke og det landsomfattande Døveprostiet.

Sogn prosti

Sogn prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Prostiet femner kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Prosten har sete på Stedje.

Prostiet vart oppretta i 2013 då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Vik og Balestrand vart då overførde til Indre Sogn prosti, som samstundes bytte namn til Sogn prosti.Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Stavanger bispedømme

Stavanger bispedøme er eit bispedøme i Den norske kyrkja. Biskopen har sete i Stavanger, medan hovudkyrkja i bispedømet er Stavanger domkyrkje.

Sunnfjord prosti

Sunnfjord prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad, Høyanger, Jølster og Naustdal. Prosten har sete i Førde.

Då Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013 vart Høyanger og Hyllestad overført til prostiet.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sunnhordland prosti

Sunnhordaland prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.

Prosten har sete i Stord.

Prostiet er inndelt i prestegjeld og sokn.

Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja.

Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet.

Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Sør-Hålogaland bispedømme

Sør-Hålogaland bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskopen held til i Bodø. Der ligg òg Bodø domkyrkje.

Tunsberg bispedømme

Tunsberg bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskopen har sete i Tønsberg med Tønsberg domkyrkje.

Utsira

Utsira er ei øy, eit sokn og ein kommune lengst vest i Rogaland fylke. Utsira er den minste kommunen i Noreg målt i innbyggjartal, og den nest minste målt i flatevidd.

Øvre Telemark prosti

Øvre Telemark prosti (historisk Øvre Telemarken prosti) er eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Seljord.Prostiet omfattar den historiske regionen Øvre Telemark og enkelte andre område som ligg i Agder og Telemark bispedømme. Historien til prostiet går attende til mellomalderen. Det oppstod att i 2015 som ei samanslåing av Aust-Telemark prosti og Vest-Telemark prosti. Det er satt saman av det historiske Øvre Telemark prosti og av nokre tidlegare prestegjeld i Midt-Telemark som historisk låg i Nedre Telemark prosti.

Øvre Telemark prosti omfatta ved opprettinga 12 av dagens 18 kommunar i Telemark og meir enn 80 % av arealet i fylket, og er eit av dei arealmessig største prosti i Noreg. Det hadde per 2015 30 sokn, 50 kyrkjer, 23 prestar og rundt 100 tilsette i fellesrådet. Prost var Asgeir Sele.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.