Biologisk slekt

Slekt er ein kategori brukt i den biologiske systematikken. Ei slekt kan omfatta éin eller fleire artar, medan éi eller fleire slekter høyrer til i ein familie.

Avosettar

Avosettar, er ei biologisk slekt Recurvirostra av vadefuglar i avosettfamilien, Recurvirostridae. Dei har karakteristisk langt, oppbøygd nebb og lange bein. Avosettar finst på alle kontinent unntatt Antarktis. Habitatet deira er våtmarker med brakkvatn eller saltvatn og estuar. Fjørdrakta er svart og kvit, nokre gonger også med litt raudt.

Medlemmer av denne slekta har symjehud på føttene og kan lett symje. Dietten består av vasslevande insekt og andre smådyr som dei fangar ved å feie nebbet frå side til side. Dei hekker på bakken i lause koloniar.

Botaurus

Botaurus er ei biologisk slekt av røyrdrumar og medlem av hegrefamilien, Ardeidae. Slekta samlar dei største røyrdrumar, inkludert den eurasiatiske arten røyrdrum.

Calidris

Calidris er ei biologisk slekt i snipefamilien som hekkar i Arktis og er sterkt trekkande vadefuglar. Desse fuglane dannar store fleirartsflokkar på kysten og elvemunningar om vinteren. Dette er dei typiske snipene, små til middels store, med lange venger og relativt korte nebb.

Nebba er sensitive med fleire Herbst corpuscles, følsame nerveceller. Dette gjer at fuglane finn byttedyr nede i jord og gjørme, som dei vanlegvis leitar fram med rastlaus løyping og søking med nebbet.Calidris-snipene deler fellesnamnet 'sniper' med artar i andre slekter slik som Actitis og Tringa.

Cercomacra

Cercomacra er ei biologisk slekt i maurfuglfamilien, Thamnophilidae.

Grallina

Grallina er ei biologisk slekt av skjorlerker som samlar to artar:

Parkskjorlerke, Grallina cyanoleuca, lever i Australia

Straumskjorlerke, Grallina bruijni, lever i Indonesia og på Papua Ny-GuineaSlekta var tidlegare lista som ein biologisk familie Grallinidae i The Clements Checklist of Birds of the World 6. utgåve med eitt takson, Grallina. Frå og med oppdateringa i desember 2009 har Clementslista ikkje akseptert familien Grallinidae og har i staden flytta skjorlerkene inn i monarkfamilien Monarchidae.

Homo

Sjå òg forstavinga homo-Homo (latin Homo, 'menneske') er ei biologisk slekt som moderne menneske og fleire utdøydde skylde artar høyrer til. Ho blir rekna for å ha oppstått for mellom 1,5 og 2,5 millionar år sidan. Neandertalaren (Homo neanderthalensis) levde inntil for 24 000 år sidan, og blei lenge rekna som den lengst overlevande slektningen av mennesket. Nye funn av «hobbitmennesket» Homo floresiensis tyder på at det levde så nyleg som for 12 000 år sidan.

Kjerrhaukar

Kjerrhaukar er ei biologisk slekt Circus av mellomstore rovfuglar i haukefamilien, Accipitridae.

Kjerrhaukar har ei karakteristisk framferd ved jakt, dei flyg lågt over opne enger, heier, våtmarker eller ørkenar på søk etter små pattedyr, reptil og småfuglar. Dei kan òg ta insekt.

I Noreg er myrhauk og sivhauk fåtalige som hekkefuglar, enghauk og steppehauk er sjeldne gjestar.

Kvalfuglar

Kvalfuglar, Pachyptila, er ei biologisk slekt i familien eigentlege stormfuglar (Procellariidae) som førekjem i Sørishavet.

Marimjelleslekta

Marimjelleslekta (Melampyrum) er ei biologisk slekt i snylterotfamilien med cirka 20 artar. Dei finst i den nordlege tempererte sonen.

Desse artane veks vilt i Noreg:

Kam-mjelle (M. cristata)

Blåmarimjelle (M. nemorosum)

Åkermarimjelle (M. arvense)

Småmarimjelle (M. sylvaticum)

Stormarimjelle (M. pratense)

Mitrospingus

Mitrospingus er ei biologisk slekt som tidlegare var medlem av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie olivenkronefamilien, Mitrospingidae.

Paradoxornis

Paradoxornis er ei biologisk slekt av tre buttnebb, i ein nyleg oppretta familie Paradoxornithidae.

Phoenicurus

Phoenicurus er ei biologisk slekt av raudstjertar i flugesnapparfamilien, og underfamilien Saxicolinae. Artane i slekta har rustraud til raudbrune farger på stjerten. Dei er insektetande i hekkesesongen, og lever mest i opne, steinete fjellandskap eller lett fjellskog.

Sjøelefant

Sjøelefant eller elefantsel er ei biologisk slekt som omfattar to artar, nordleg og sørleg sjøelefant. Den nordlege arten held til langs Stillehavskysten av Nord-Amerika, medan den sørlege finst på fleire øyar og kystar sirkumpolart rundt Antarktis. Sørleg sjøelefant er den største av alle selane.

Dyra har fått namnet sitt fordi hannane har ein oppblåsbar nasesekk som minner om snabelen til ein elefant. Hannane av begge artane er mykje større enn hoene. Sørlege hannar kan blir opptil 6 meter lange og 3,6 tonn tunge medan dei nordlege kan bli 5 meter og 2,7 tonn. Hoer av begge artat veg gjennomsnittleg 400-900 kg.

Sjøelefantar lever i koloniar der éin hann har kontroll over territorium med fleire hoer og ungar. Hannane slost om territorium ved hjelp av store hjørnetenner. Kosten deira er fisk og blekksprut.

Begge artane blei hardt utsett for jakt på 1700- og 1800-talet, og var truga av utrydding. Etter at jakta slutta har bestandane teke seg opp igjen.

Slekt

For det biologiske omgrepet «slekt», sjå biologisk slekt

Slekt eller ætt er eit sosialhistorisk omgrep for menneske som er nærskylde kvarandre.

Omgrepet er vidare enn familie, og strekkjer seg lenger attende i tid. Den klassiske nemninga i Noreg er gamal bondeslekt.

Sterna

Sterna er ei biologisk slekt av terner med 13 artar. Dette er dei typisk store, lyse ternene som samla sett har ei nær global utbreiing i kystregionar.

Struts

Struts, vitskapleg namn Struthio, er ei biologisk slekt av verdas største nolevande fuglar og er einaste slekta i strutsefamilien, Struthionidae, som igjen er einaste familien i den biologiske ordenen Struthioniformes.

Ein har funne 10 artar av slekta Struthio, 8 av desse er utdøydde. Dei tidlegaste fossila frå denne slekta er frå tidleg miocen, for 20-25 millionar år sidan, og kjem frå Afrika, så det er foreslått at dei oppstod der. Deretter hadde dei spreidd seg til Eurasia i midten til sein miocen, 5-13 millionar år. Ved ca. 12 millionar år hadde dei utvikla seg til storleiken som vi er kjent med i dag. På denne tida hadde dei spreidd seg til Mongolia og seinare til Sør-Afrika.

Tadorna

Tadorna, rustender og gravender, er ei biologisk slekt og ei gruppe fuglar i den biologiske familien Anatidae. Familien Anatidae inkluderer òg svaner, dei største, gjæser, mellomstore og ender som er minst.

Rustender og gravender er mellomstore vassfuglar på 50 - 60 centimeter som ein kan sjå som ein mellomting mellom gjæser og ender.

Thamnophilus

Thamnophilus er ei biologisk slekt i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Artene i denne slekta er kjente som maurvarslarar. Dei er insektetarar som lever av byttedyr frå lauvverk og finst i den neotropiske regionen.

Ørn

Ørn er eit samleomgrep brukt om fleire store rovfuglar frå haukefamilien. Det kan visa til ei biologisk slekt, Aquila, men alle fuglar kalla «ørn» høyrer til ikkje denne slekta. Ørner er ikkje nødvendigvis nærare i slekt med kvarandre enn med andre haukefuglar.

Ein finn ulike ørner hovudsakleg i Eurasia, men det finst òg nokre typar i Afrika, Amerika og Australia. Kongeørn og havørn er utbreidde i Noreg, medan fiskeørn, bandhavørn, slangeørn, storskrikørn og steppeørn er påviste.Ørn har ei viktig symbolsk tyding, og er blitt rekna som «konge av fuglane».

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.