Andre mosebok

Andre mosebok er ei av dei fem mosebøkene i den jødiske Bibelen, Det gamle testamentet. Boka blir også kalla Exodus, då ho handlar om hebrearame si utferd frå Egypt under leiinga til Moses.

Innan jødedommen har boka namn etter dei innleiande orda Ve-eleh shemoth ('og dette er namna'), ofte forkorta til «shemoth» (שמות).

Aminadav

Aminadav (hebraisk עַמִּינָדָב) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg sørvest for Jerusalem nær Yad Kennedy i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 981.

Bareket

Bareket (hebraisk skrift בַּרֶקֶת) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah kring fem kilometer nordaust for Ben Gurion internasjonale lufthamn og dekkjer 2 500 dekar og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 300.

Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av medlemmar av Hapoel HaMizrachi som hadde immigrert frå Habban distrikt søraust i Jemen. Han vart i starten kalla Kfar Halutzim (Pionerlandsbyen) og så Tirat Yehuda Bet (etter den nærliggande Tirat Yehuda), før han fekk det noverande namnet sitt. Som Nofekh, Shoham og Ahlama (det tidlegare namnet på Beit Arif) i nærleiken, er namna knytte til ein av dei 12 steinane i Hoshen, den heilage brystplata som den jødiske høgstepresten hadde på seg (Andre mosebok 28:17).

Beit Arif

Beit Arif (hebraisk skrift בֵּית עָרִיף, tyder Sky-huset) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Shoham og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 724.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Bulgaria i ruinane etter den fråflytta arabiske landsbyen Dayr Tarif. Han heitte opphavleg Ahlama (hebraisk skrift אחלמה) (Andre mosebok 28:19), etter ein av dei tolv steinane i Hoshen, den heilage brystplata som den jødiske høgstepresten hadde på seg. Tre andre nærliggande busetnader, Bareket, Shoham og Nofekh, er òg kalla opp etter desse steinane.

Tidleg i 1950-åra kom immigrantar frå Jemen til området, og bygde hus kring ein halv kilometer unna. Etter usemje mellom dei to gruppene, flytta dei opphavlege innbyggjarane til Ginaton (ein moshav som òg vart grunnlagd av bulgarske immigrantar) i 1953.

Gosen

Gosen (hebraisk אֶרֶץ גֹּשֶׁן eller ארץ גושן, Goshen) er namnet på ein stad i Egypt omtalt i Den hebraiske bibelen. Gosen er eit område som blir gjeve av farao til israelittane til å bu i etter at Josef henter dei dit. Dette er også landet dei dreg frå under utvandringa frå Egypt. Området låg nord i Egypt, aust for Nildeltaet.

Hebrearar

Hebrearar (hebraisk eintal ivri, fleirtal ivrim ibrim) er ei nemning brukt i Det gamle testamentet/Tanákh om dei gamle israelittane.I Bibelen er patriarken Abraham omtalt ein enkelt gong som ivri. Omgrepet «hebrear» opptrer i den hebraiske Bibelen (Tanákh) både som namnet gjeve til Israelsfolka av andre folk, og som det dei nytta på seg sjølv. Guden deira omtalar seg sjølv som «Gud for hebrearane» når han taler til Moses.I gresk og romersk tid kunne det greske ordet hebraios visa til jødar.

Kfar Aviv

Kfar Aviv (hebraisk skrift כְּפַר אָבִיב, tyder 'Kjeldelandsbyen') er ein moshav sentralt i Israel, nær Ashdod. Han er ein del av Gederot regionale kommune.

Kfar Aviv vart grunnlagd i 1952 av Jewish Agency. Han var meint å ta i mot immigrantar til Israel frå Egypt. Det opphavlege namnet var Kfar HaYeor (hebraisk skrift כפר היאור, tyder 'Nil-landsbyen'). Namnet «Kfar Aviv» vart gjeve som ein referanse til utvandringa til jødane frå Egypt, som skjedde om våren i følgje Torahen (Andre mosebok 34:18). Etter kvart tok landsbyen i mot familiar frå Polen òg.Dei fleste innbyggjarane i landsbyen arbeider andre stader.

Manna

Manna er i følgje Andre mosebok, sekstande kapittel, ein mat Gud gav israelittane å ete medan dei gjekk i ørkenen etter utferda frå Egypt. Det kan også visa til ei søt plantesaft, særleg ei utvunne frå mannaask. Manna er avleidd frå hebraisk man, 'gåve', via arameisk og gresk.

I følgje Bibelen var maten israelittane kalla «manna» «kvitt som korianderfrø og smaka som honningkake». Det låg som fint rim på marka om morgonen, og dei kunne sanke det i store mengder, men om dei lét noko av det dei hadde sanka vere att til morgons, gjekk det makk i det, og det lukta vondt. Manna er forklart som plantesaft frå tamariskar som veks på Sinaihalvøya, spesielt Tamarix mannifera, ein variant av Tamarix gallica. Plantesafta storknar til søte, velsmakande kuler. Men den planesafta folk i dag kan finne i Sainaiørkenen er ikkje heilt slik Bibelen skildrar mannaen israellittane fekk å ete i ørkenen, så fenomenet er òg forklart på andre måtar, herunder som eit Guds under.I Johannes' openberring vert kyrkjelyden i stilt i utsikt å få ete av «den løynde manna», kanskje eit symbol på lukka i Paradis.

Moses

Moses (latin Moyses, gjennom gresk frå hebraisk) eller Moshé (hebraisk משֶׁה [mo:'še]), Mousa eller Musa (arabisk موسىٰ ['mūsā]), er ein av dei viktigaste personane både i jødedommen, kristendommen og islam. Han er framstilt som ein hebraisk frigjerar, leiar, lovgjevar, profet og historikar, rekna som frigjeraren til israelittane frå trældomen i Egypt og som leiaren deira den tida dei var i ørkenen.

Bibelen og dei bibelske tolkingstradisjonane seier at Moses levde ca. 1200 f.Kr., og livet og verket hans blir skildra frå 2. til 5. mosebok.

Nataf

Nataf (hebraisk נָטָף) er ein fellesbusetnad i Judeafjella, 19 km vest for Jerusalem i Israel. Det bibelske namnet kjem frå eit av kryddera nytta i Tempelet.(Andre mosebok 30:34). Han er ein del av Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde Nataf eit folketal på 387.

Nitzanei Sinai

Nitzanei Sinai (hebraisk skrift נִצָּנֵי סִינַי), òg kalla Kadesh Barne'a (hebraisk skrift קדש ברנע), er ein fellesbusetnad vest i Negevørkenen i Israel. Han ligg nær Nitzana, og har fått dette namnet fordi han ligg nær Sinai, i tillegg til Kadesh Barne'a i Bibelen, ein av stasjonane langs reisa til israelittane i Andre mosebok (Andre mosebok 13:26; Femte mosebok 1:46).

Busetnaden vart grunnlagd i 1980 på Sinai og flytta til den noverande staden i 1986 etter den egyptisk-israelske fredsavtalen. Han er ein del av Ramat HaNegev regionale kommune.

Nofekh

Nofekh (hebraisk skrift נֹפֶךְ, נופך) er ein israelsk fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 371.

Landsbyen vart grunnlagd i 1949 på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Rantiya av immigrantar frå Marokko. Namnet er henta frå ein av dei 12 steinane i Hoshen, den heilage brystplata til den jødiske høgstepresten, nemnd i Andre mosebok 28:18. Dei nærliggande Shoham, Bareqet og Ahlama (tidlegare namn på Beit Arif) vart òg kalla opp etter ein av steinane.

Olje

Olje (latin oleum, oliven) er ei samnemning på ulike væsker som normalt ikkje er løyseleg i vatn. Oljer er komplekse, organiske sambindingar av ulike slag. Dei har karakter av å vere viskøse, feite eller smørjande, og kan ordnast i tre hovudgrupper:

eteriske oljer,

blanda hydrokarbon i form av petroleum, og

feite oljer som anten er animalske eller vegetabilske.

Sgula

Sgula (hebraisk skrift סְגֻלָּה, סגולה), òg Segula, er ein moshav nord for Kiryat Gat sør i det sentrale Israel. Han er eit medlem av Yoav regionale kommune.

Moshav Sgula vart grunnlagd i 1953 av innfødde israelarar. Namnet kan vere basert på eit vers i Andre mosebok(19:5) der ordet segula er nytta i tydinga «kosteleg»: «Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi.»

Han vart grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Summeil, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.

Shoham

Shoham (hebraisk skrift שֹׁהַם, tyder 'onyks') er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel som vart grunnlagd i 1993. Som Nofekh, Bareket og Ahlama (det tidlegare namnet Beit Arif) i nærleiken, er namnet knytt til ein av 12 steinar i hoshen, den heilage brystplata som den jødiske høgstepresten hadde på seg (Andre mosebok 28:20).I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Shoham mot slutten av 2009 på 18 200. Byen dekkjr eit område på kring 5,9 km2.

Telt

Telt er ein bygning laga av duk, skinn eller liknande som er spent opp over stenger og som ein kan leggja saman og flytta som det trengst. Det finst telt i ei rekkje ulike utformingar og storleiker til mange ulike føremål. Ein kan bruka dei til bustad, næringsdrift, utstillingar, større forsamlingar og anna.

Yakhini

Yakhini (hebraisk skrift יָכִינִי) er ein ortodoks moshav sør i Israel. Han ligg nord i Negevørkenen nær byen Sderot og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 476 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av jødiske immigrantar frå Jemen, som vart henta til Israel under operasjon Magic Carpet, då dei fleste jemenittiske jødane kom til landet. Moshaven er kalla opp etter ein av sønene til Simon, son av patriarken Jakob, sidan han ligg i området som høyrte til Simon-stamma i bibelsk tid (Andre mosebok 26:12).

Zimrat

Zimrat (hebraisk skrift זִמְרָת, tyder Song) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og dekkjer 4 500 mål og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 271 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1957 av immigrantar frå Tunisia etter ein splid i den nærliggande Shuva. Han vart først kalla Shuva Bet, og fekk seinare namnet Zimrat, som er henta frå Andre mosebok 15:2;

Herren er mi kraft og min styrke, han har vorte mi frelse. Han er min Gud, han vil eg prisa, min fars Gud, han vil eg opphøgja. .

Øvstepresten Aron

Øvstepresten Aron er ein person i det gamle testamentet. Han er viktig i både kristendommen og jødedommen. Han blir også nemnd i Koranen. Ifylgje Andre mosebok var han ein eldre bror av Moses, og var ein av leiarane for israelsfolket då det vart ført ut av slaveriet i Egypt og inn i Kana'an. Systera hans var profetkvinna Miriam.

Bøkene i Tanákh (rekkjefølgje den jødiske tradisjonen)
Torá (Lova) 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok ·
Nebiím ('Profetane')

Tidlege: Josva · Domarane · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Seine: Jesaja · Jeremia · Esekiel ·

Dei 12 mindre profetane: Hosea - Joel - Amos - Obadja - Jona - Mika - Nahum - Habakkuk - Sefanja - Haggai - Sakarja - Malaki
Ketubím ('Skriftene'): Salmane · Ordtøka · Job · Høgsongen · Rut · Klagesongane · Forkynnaren · Ester · Daniel · Esra-Nehemja · Krønikebøkene (1–2)
Bøkene i Det gamle testamentet (rekkjefølgje i den kristne tradisjonen)
Mosebøkene 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok
Historiebøkene

Josva · Domarane · Rut · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Krønikebøkene (1–2) · Esra-Nehemja ·

Ester
Visdomsbøkene

Job · Salmane · Ordtøka · Forkynnaren ·

Høgsongen
Profetbøkene Jesaja · Jeremia · Klagesongane · Esekiel · Daniel · Hosea · Joel · Amos · Obadja · Jona · Mika · Nahum · Habakkuk · Sefanja · Haggai · Sakarja · Malaki
Apokryfe eller
deuterokanoniske skrifter

Kanoniske i dei ortodokse og katolske kyrkjene: Tobit · Judit · Ester · Visdomsboka · Sirak · Baruk · Tillegget til Daniels bok · Makkabearane (1–2)

Kanoniske i mange ortodokse kyrkjer: 151. salmen · Esdras · Bøna åt Manasseh · 3. Makkabearane · Brevet åt Jeremia

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.