78-plate

Ei 78-plate, og kalla skjellakkplate og steinkake, er ei grammofonplate med riller som inneheld ein analog representasjon av lyd. 78-platene blir avspela ved nominelt 78 omdreiingar i minuttet — derav namnet 78-plate. Nokre av dei eldste 78-platene hadde berre lydopptak på éi side, men dei fleste 78-platene hadde lydopptak på båe sidene — ei rille per side. Platene vert spela utanfrå og innover.

Schallplatte Deutsche Grammophon Stimme seines Herrn
Skjellakplate frå Deutsche Grammophon-Gesellschaft.
Gloria G.O. 13078b
Ei 25 cm skjellakkplate frå 1933, i konvolutt.

Materialar

Dei fyrste platene vart laga av mange ulike materialar, som hard gummi[1][2], ei blanding av voks og eterar[3]. I 1896 oppdaga Fred Gaisberg at skjellakk-baserte plater fungerte betre enn hardgummi[2] og frå 1897 gjekk ein over til ei blanding av ca. 1/3 skjellakk og resten mineral som skifer, kalk, bomullfiber osb. (dei ulike føretaka nytta rett nok noko ulike materialar og blandingstilhøve). Frå då av dominerte skjellakk-baserte plater marknaden[4]. Grunnen til at ein blanda skjellakk med mineral var at plater laga av skjellakk åleine ikkje var stabile nok. Det er desse tilsetningsminerala som fører til at støy ved avspeling av skjellakkplater[5]. Ein reduserte òg prisen ved å blanda inn andre materialar. Desse platene vert kalla «skjellakkplater» eller «steinplater», men på grunn av at rotasjonshastigheiten etter kvart vart standardisert til 78 o/min vert dei òg kalla «78-plater».

Platene vart opphavleg spela men ein stift av mjukt stål. For at stiften skulle passa til forma på rillene var han laga av mjukt stål og platene hadde innblanda eit slipemiddel som endra fjerna materiale frå stiften, slik at han etter nokre omdreiingar fekk om lag same form som rilla . Dette førte til at stiften måtte byttast ut etter kvar plate. Det vart difor selt stiftar i øskjer.

I 1904 freista ein å laga cellulose-baserte plater, men dette materialet genererte meir støy under avspeling enn dei skjellakk-baserte platene og vart difor ingen suksess[4]. Skjellakk vart produsert i Søraust-Asia og på grunn av japansk okkupasjon av Søraust-Asia vart det under 2. verdskrigen vanskeleg å få ta i skjellakk. Det var difor produsert plater av andre materialar, som ikkje alltid var like haldbar som skjellakk.

Gravering og riller

VictorTalkingMachine2008
Avspeling av 78-plate på ein Victor tutgrammofon.

Dei fyrste lydinnspelingane vart gjot ved hjelp av fonografar, som lagra informasjonen på ein rull[6]. Dei fyrste innspelingane på plater vart utførte av Emil Berliner i 1887[7]. Edison nytta vertikal modulering på fonografrullane sine, og hadde patentert dette prinsippet. Berliner omgjekk patenta til Edison ved å nytta lateral modulering (sidevegs rørsle)[8]. Lateral gravering hadde vist seg å fungera betre enn vertikal gravering, og vart etter kvart nytta av dei fleste plateprodusentane, men nokre føretak, som Edison og Pathé heldt fram med å nytta vertikal gravering.

Dei fyrste skjellakkplatene hadde etter måten grove rille og radiusen på stiften var ca. 100 μm. Rillene vart gradvis redusert til 90, 76 og 64 μm. Men ulike produsentar nytta ulik rillestorleik, og når rillene vart slitne var det ikkje alltid at den opphavlege størleiken høvde. Gamle 78-plater er ofte slitne, så ved avspeling med moderne diamantstiftar er det naudsynt å prøva seg fram med ulike stiftradiusar. Ved å nytta ein stift med butt (flatslipa) ende kan ein redusera støynivået noko. Slike stiftar er berre tilgjengeleg frå nokre få produsentar som har spesialisert seg på sliping av stiftar. Sjølv om diamant er mykje hardare enn stål fører slipemiddelet i platene til slitasje på stiften, så han varer ikkje like lenge som ein stift for avspeling av vinylplater. Men som oftast er ein berre interessert i å overføra musikken på 78-plater til eit digitalt format, så ein treng ikkje å spela kvar plate meir enn ein gong.

Rotasjonshastigheit

I starten var det ingen standard for rotasjonshastigheita og det vart nytta fleire ulike hastigheiter, som varierte frå 60 til 120 o/min[4]. I ein katalog frå Odeon frå 1912 varierte hastigheita frå 74 til 82 o/min, og i ein HWM-katalog frå 1915 varierte hastigheitene frå 79 til 86 o/min[9]. I 1925 vart det semje om ei nominell hastigheit på 78 o/min, men då ein gjekk over til elektrisk drift enda ein opp med 77,92 o/min i Europa og 78,25 i Nordamerika; dette på grunn av ulik nettfrekvens (50 Hz i Europa og 60 Hz i Nordamerika). Motorane sort nytta under opptak og avspeling var av urverktypen, drivne av ei fjør, og hastigheita kunne variera noko frå spelar til spelar[8] og etter kor mykje opptrekt fjøra var. I ettertid — etter at andre platetypar, med andre hastigheiter, kom på marknaden — har skjellakkplater med ei nominell rotasjonshastigheit på 78 o/min vorte kalla «78-plater».

Diameteren kunne òg variera mykje på tidlege plater; Berliner produserte tidleg plater med diameter på 17,5 cm, men 30,5 cm (innført i 1903) og 25,4 cm (innført i 1910) var dei vanlegaste storleikane. Men det vart òg produsert plater med diameter på 12,7 cm og 20,3 cm.

Speletid

Songen «Si tu n'étais pas là» framført av Fréhel.

Speletida per side var avhengig av ytre og indre diameter på det graverte ringen, rotasjonshastigheita, rillebreidda og rilleavstanden, og varierte frå i underkant av tre til fire minutt for 25 cm plater og frå fire til seks minutt for 30 cm plater, som vist i tabell 1. Med 40 cm plater — som berre vart nytta i studio og for kringkasting — varierte speletida frå 6,5 til 10 min. Det var difor mest praktisk å gje ut stutte musikkstykke. Etter som det vart nytta lateral modulasjon stod rilleavstanden i høve til modulasjonsdjupna. Ein kunne difor oppnå noko lengre speletid ved å redusera modulasjonedjupna, men signalet vart då svakare i høve til støyen. Etter kvart vart breidda på rillene redusert, noko som kravde mindre radius på stiften. Rillebreidda vart etter kvart redusert, men det var ingen standard for dette og plateselskapa dokumenterte sjeldan kva breidd rillene hadde.

Tabell 1: Speltider [min]
Riller per cm Diameter [cm]
40 30,5 25,4
37,8 6.5 4.0 2.75
44,1 7.5 4,5 3.25
47,2 8 5 3.5
53,5 9 5.5 3.75
60,6 10 6 4

Utbreiing

I 1918 gjekk patenta til Berliner ut og fleire selskap tok til å produsera skjellakkplater[4]. 78-platene vart populære frå tidleg på 1900-talet og var hovudmedietypen for lyddistribusjon frå da av og langt inni 1950-åra, i nokre marknadar langt inn på 1960-talet. Dei siste 78-platene vart produserte i Argentina, så seint som på byrjinga av 1970-talet.

Referansar

  1. Read, O. og Welch, W.L., From tin foil to stereo, Howard W. Sams & Co., 1976.
  2. 2,0 2,1 A History of Records, The Record Collector's Resource. (vitja 8/8-2019)
  3. H-Weiss, E., Phonographes et musique mechanique, Librairie Hachette, 1930.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Les disques 78 tours, Radioman 33. (vitja 7/8-2019.)
  5. Dutton, G.F., Grammophone turntable speeds - What is the best speed for microgrove recording?, Wireless World, juni 1951, ss. 227-231.
  6. Read, O., The recording and reproduction of sound, Howard W. Sams & Co., 1952.
  7. Burkowitch, P.K., Die etwas andere Geschichte der Schall-Platte, EBS Production, 2013.
  8. 8,0 8,1 Beardsley, R. og Leech-Wilkinson, D., A Brief History of Recording to ca. 1950, AHRC Research Centre for the history and analysis of recorded music, 2009.
  9. Speeds on shellac records, Discogs, (vitja 7/8-2019)
Grammofonplater
Tidlege plater

78-plate  · Edison-plate  · Pathé-plate  · Transskripsjonsplate

Vinylplater

Mikrorilleplate (33 o/min, 45 o/min)  · Monoplate · Stereoplate  · Låghastigheitsplate

Format

Langspelplate  · Singelplate  · Extended play

Charlie Parker

Charles Parker Jr. (29. august 1920–12. mars 1955) var ein jazzsaksofonist og -komponist, og er rekna for å vere mellom dei fremste musikalske nyskaparane i det 20. hundreåret. Parker fekk tidleg aukenamnet Yardbird, seinare korta ned til Bird. Mange kallar Parker faren til moderne jazz; dei fleste seriøse jazzmusikarar etter han har på eit tidspunkt i utviklinga studert Parker sin innfallsvinkel til melodi og harmoni og teke opp i seg noko av stilen hans.

Det lyser i stille grender

Salmen «Det lyser i stille grender» er Jakob Sande sitt kanskje mest kjende dikt. Diktet finn ein i juleheftet Jul i Sunnfjord frå 1931. Tittelen var då «Julekveld». Jakob Sande sette ikkje dette diktet særleg høgt. Då Lars Søraas d.y. tok kontakt med han i 1948, då han ville bruke det i songboka si, hadde Sande gløymt at han hadde skrive noko juledikt.

Extended play

Extended play, EP eller EP-plate er ei nemning for musikalske utgjevingar som er for korte til å verte kalla musikkalbum (LP og CD), og for lange til vere ein single (SP). Normalt har eit album åtte til tolv spor eller er på rundt førti minuttar speletid (ofte noko lengre for klassisk musikk, som kan graverast tettare), ein single har berre eitt spor på kvar side, medan ein EP har fire.

Omgrepet (og utgjevingsforma) var mykje brukt i 50- og 60-åra. Den amerikanske marknaden for EP-ar fall saman på 60-talet (som er grunnen til at The Beatles si Magical Mystery Tour frå 1967 kom som EP i Storbritannia, men utvida til LP i USA), medan alle plater på sju tommar og 45 o/min i Frankrike var EP-ar med fire spor.

Omgrepa single, EP og LP var lette å skilje frå kvarandre fram til maxisingelen vart oppfunnen; ein maxisingel vert normalt spela på 45 rpm (som ein singel eller EP), men er i 12"-format (som ein LP). Då CD-en tok over mot slutten av 80-talet, var brått alle utgjevingar like store (CD-singlar i 3"-format vart forsøkt lanserte, og hadde ei tid suksess i Japan) og vart spela på same fart, og i dag er ein singel rett og slett ein CD med eitt hovudspor først på plata og ein lågare salspris, uavhengig av speletid, medan eit album er ei samling av marknadsføringsmessig likeverdige songar. Dei lengste singlane (gjerne innan techno-musikken) kan ha lengre speletid enn dei kortaste albuma, og omgrepet EP har derfor liten funksjon i platebransjen i dag.

Grammofonplate

Ei grammofonplate (ofte kalla berre plate, skive, eller vinyl) er eit analogt medium for lagring av lyd. Ei grammofonplate er ei rund skive med inngraverte riller. Plata er som regel laga av plast, ofte vinyl. Grammofonplater vert spelte av ved at ein stift les rillene i eit spiralforma spor medan plata roterer med konstant fart. Plater for privat bruk vert spela utanfrå og innover.

Kansas City av Leiber og Stoller

«Kansas City» er ein rhythm and blues-song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller i 1952. Han vart først spelt inn av Little Willie Littlefield same året, og vart seinare ein stor hit for Wilbert Harrison i 1959. «Kansas City» vart ein av dei mest innspelte songane til Leiber og Stoller, med meir enn tre hundre versjonar og fleire av dei på R&B- og poplistene.

Langspelplate

Ei langspelplate var opphavleg ei mono mikrorilleplate, med diameter på 25 eller 30 cm og rotasjonshastigheit på 33 1/3 o/min. Stereoplate med diameter på 25 eller 30 cm og rotasjonshastigheit på 33 1/3 har omlag same speletid som mono mikrorilleplater og vert rekna som langspelplater. Mikrorilleplater med diameter 18 cm og rotasjonshastigheit 45 o/min, derimot, har for stutt speletid til at dei vert kalla langspelplater.

Les feuilles mortes

«Les feuilles mortes» (norsk «Det døde løvet») er ein mykje spelt fransk song frå 1945 med melodi av Joseph Cosma og tekst av poeten Jacques Prévert. Yves Montand introduserte songen i 1946 i spelefilmen, Les Portes de la nuit.

Den amerikanske låtskrivaren Johnny Mercer skreiv ein engelsk tekst til songen i 1947. Den engelske tittelen er «Autumn Leaves».Jo Stafford var blant dei første til å framføre denne versjonen.

«Les feuilles mortes»/«Autumn Leaves» har blitt ein pop- og jazzstandard på begge språk, både som instrumental og med vokal.

Den franske songaren Edith Piaf framførte både ein fransk- og engelskspråkleg versjon i radioprogrammet The Big Show, 24. desember 1950, med Tallulah Bankhead som vert.

Låghastigheitsplate

Låghastigheitsplate er grammofonplater som roterer med låg hastigheit, for å auka speletida. Platene var mynta på bruk der kvaliteten ikkje spela så stor rolle, som til dømes lydbøker.

Monoplate

Monoplate er ei grammofonplate med monofonisk lyd. 78-plateer og mikrorilleplater var monoplater. Etter innføringa av stereoplateer i 1948 slutta dei fleste plateselskapa etter kvart å produsera monoplater. Men det vart likevel produsert nokre monoplater, ofte av nostalgiske grunnar. Fram til ca. 1970 var desse mikrorilleplater, men utover 1970-talet vart dei fleste monoplatene graverte med same utstyret som stereoplater. Rillene på nyare monoplater har difor same dimensjonar som på stereoplater og bør spelast med stereopickupar eller monopickupar med ein nålradius på 18 μm.

Norge i rødt, hvitt og blått

«Norge i rødt, hvitt og blått» er ein kjend norsk patriotisk song. Han er mykje brukt på den norske grunnlovsdagen 17. mai.

Songen blei skriven i 1941, under den tyske okkupasjonen av Noreg. Teksten var av Finn Bø, Bias Bernhoft og Arild Feldborg. Melodien er komponert av Lars-Erik Larsson, opphavleg som «Obligationsmarschen» med tekst av Alf Henrikson, som eit bestillingsverk for den svenske staten.

Norges Skaal

«Norges Skaal», betre kjend under førstelina «For Norge, Kiempers Fødeland», er ei drikkevise av studenten og den seinare biskopen Johan Nordahl Brun (1745-1816). Visa vart skriven for Det norske Selskab i København i 1771.

Innhaldet i visa vart oppfatta som opprørsk mot kongemakta, og då ho vart forsøkt trykt i 1772, vart ho stansa av sensuren.

«Norges Skaal» vart første gong trykt i Noreg i 1784. Songen var då allereie ein velkjend selskapssong. Under nasjonsbyggingsperioden på 1800-talet fekk han ein uoffisiell status som norsk nasjonalsong; Henrik Wergeland kalla songen ein «norsk marseillaise».

Melodien vert tilskriven André Grétry.

Singelplate

Ein singel eller singelplate (òg skrive single), ofte forkorta SP (Single Playing) er eit standardisert format for grammofon- og CD-plater. Ein singel inneheld mindre lyd, det vil seia kortare lydopptak og færre lydspor enn musikk- og lydplater i andre format (EP- og LP-plater).

Ei tradisjonell singelplate er ei grammofonplate med berre eitt lydspor eller éin komposisjon per plateside. Hovudsongen er vanlegvis plassert på A-sida, medan B-sida inneheld eit bonusspor. Ein grammofonsingel har ein diameter på 17,5 cm og skal spelast av med 45 omdreiingar per minutt, og kan derfor òg kallast ei 45-plate. Slike singelplater kom på marknaden i 1948 saman med større plater i såkalla LP-format. Ein CD-singel består som regel av éin hovudsong og éin til tre «bonussongar». Ein maxi single ville bestå av fleire enn to songar.

Singlar vert ofte gjevne ut både i forkant og etterkant av eit studioalbum for å marknadsføre musikken og selje fleire pater. Ofte vert det òg spelt inn ein musikkvideo til singlane som kjem ut. På ein singel kan det i tillegg til hovudsporet vere konsertopptak, andre songar frå studioalbumet, tidlegare ikkje utgjevne songar, demoar eller den same songen i forskjellige versjonar.

Singelsalet vert registrert på singellister i dei fleste land, som til dømes VG-lista i Noreg, Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart i Storbritannia. Desse listene vert ofte publiserte i magasin eller aviser, og mange fjernsynsshow eller radioprogram som tar ei nedteljing på lista. For å kome med på lista må ein følgje somme krav som dei som eig lista avgjer, som regel går det på platesal og kor mange gonger songane vert spelte på radio. I dag er mange av desse listene òg basert på mengda nedlastingar av songen.

Singlane hadde stordomstida si særleg i 1950- og 1960-åra, i starten av rockehistoria, særleg fordi dei var billigare enn heile album. Utover i 1960-åra vart det større fokus på album og samanhengande tema, men singlane var framleis eit viktig marknadsføringsledd. I løpet av 1990- og 2000-åra har singlane vorte mindre viktige, sidan både album og singlar vert gjeve ut på CD-plater som har meir eller mindre same produksjonskostnad og album vart hovudmetoden å selje musikk på.

Stereoplate

Stereoplate er ei tokanals grammofonplate, som lagrar informasjon for stereofonisk attgjeving. Stereoplater er ei vidareutvikling av dei tidlegare mikrorilleplatene, som berre lagra ein kanal (mono).

Sven-Olof Sandberg

Sven-Olof Sandberg (1905–1974) var ein svensk songar og songtekstforfattar som medverka blant anna på TV og i filmar.

Sven-Olof Sandberg starta sin ekodespellerkarriere i 1923 etter å hatt ulike type arbeid tidlegare. I 1924 spelte han sommarteater med Weyler Hildebrand og Nils Ferlin. Han debuterte som plate- og radioartist i 1927 og fekk året etter eitt gjennombrot med «När bröllopsklockor ringa». Han kom med sin barytonstemme til å verta ein av Sveriges mest produktive songarar. I perioden 1940-1944 var han engasjert ved Stockholmsoperaen. Han starta i 1929 musikkforlaget Svenska Nøter der han forutan tekster til slagerar og andre songar òg gav ut noveller og ferdskildringar. På nokon arbeid nytta han pseudonymet Tom Wilson, SOS som han vart kalla og han fungerte òg som impresario for andre artistar. I ein periode var han impresario for Jussi Björling og var mannen bak Björling sine konsertar i dei svenske folkparkene, blant anna.

Han var gift tre gonger, andre gongen med pianisten og komposten Gunnel Andrén og tredje gongen med tekstforfattaren Gunilla Nordström.

Sandberg blei kanskje best kjent i Noreg for «Tonerna», «Med dej i minte armar» og «Gamle svarten»

som kom på 78-plate frå Odeon.

Transskripsjonsplate

Transskripsjonsplate var ei grammofonplate til bruk for radiostasjonar, og var ikkje i sal til allmugen. Desse platene var laga av materiale med mindre rillestøy enn dei shellak-baserte 78-platene, hadde diameter på 40 cm og ei rotasjonshastigheit på 33 1/3 o/min. (På eit tidleg stadium vart det rett nok produsert nokre plater med ein diameter på 25 cm, som roterte med 78 o/min, som ikkje var baserte på shellek.) Transskripsjonsplater vart mellom anna nytta for å spela inn radioprogram, som ikkje vart direktesendt. Slike program kunne vera konsertar, kunngjeringar frå myndigheitene, talar, osb. Andre bruksområde var feltopptak, opptak av viktige møte, osb. Etter at spolebandopptakarar vart tilgjengelege etter 2. verdskrigen tok desse gradvis over for transkripsjonsplatene. Men spolebandopptakarar og tape var dyrt i byrjinga og transkripsjonsplatene var i bruk til utpå 1950-talet.

Unchained Melody

«Unchained Melody» er ein song frå 1955 med musikk av Alex North og tekst av Hy Zaret. North nytta musikken som kjenningsmelodi i den lite kjende fengeselsfilmen Unchained, som songen fekk namn etter. Todd Duncan song songen for musikken i filmen. Det har sidan vorte ein av dei mest innspelte songane på 1900-talet og det er estimert at det finst minst 500 versjonar på mange forskjellige språk.Les Baxter (Capitol Records katalognummer 3055) gav ut ein instrumentalversjon som nådde toppen av singellista i USA. Så kom innspelingar av Al Hibbler (Decca Records #29441), som nådde tredjeplassen på Billboard-lista, Jimmy Young som nådde toppen av lista i Storbritannia og Roy Hamilton (Epic Records no. 9102), som nådde toppen av R&B Best Sellers-lista og sjetteplassen på poplista i USA. Hundrevis av andre innspelingar følgde. Men det var versjonen til The Righteous Brothers frå juli 1965 som vart jukebox-standarden og som fekk ein ny runde med popularitet då han vart nytta i hitfilmen Ghost i 1990.

White Christmas

«White Christmas» er ein amerikansk julesong skriven av Irving Berlin i 1940. Han skil seg frå mange tidlegare julesongar ved å ha ei melankolsk, mollstemt steming framfor å uttrykka liv og glede, og ved å gjera snø til eit julesymbol, utan å ha noko kristent innhald.

Den første innspelte og best kjende versjonen av songen er av Bing Crosby frå 1942. Crosby si framføring av songen i filmen Holiday Inn frå same året gav han ein oscarpris for beste originale filmsong. Crosby sin singel er rekna som den mestslejande singelen nokonsinne. Ifølgje American Society of Composers, Authors and Publishers (ASCAP) er «White Christmas» den mest framførte julesongen i USA.

Å, jul med di gleda

«Å, jul med di gleda» (originaltittel «O Jul med din Glæde») er ein julesong skriven av Gustava Kielland. Tonen er ein henta frå ein svensk barneleik, «Viljen I veta och viljen I förstå».

Songen er skriven som ein songleik, og han vert ofte sungen i gangen rundt juletreet på juletrefestar. Teksten vart omset til nynorsk av Bernt Th. Anker til Songbok for sundagsskulen og uppbyggjingsmøter i 1906.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.