1996

1996 (romartal MCMXCVI) var eit skotår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.

< 1996 >

1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998

Hendingar

Utlandet

Dolly face closeup
Sauen Dolly

Noreg

Fødde

Sjå òg Fødde i 1996.

Døde

Ella Fitzgerald 1962
Ella Fitzgerald i 1962.
Sjå òg Døde i 1996.

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>

1940

1940 (romartal MCMXL)

1994

1994 (romartal MCMXCIV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.

1995

1995 (romartal MCMXCV) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.

1997

1997 (MCMXCVII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.

Anniken Huitfeldt

Anniken Scharning Huitfeldt (fødd 29. november 1969 i Bærum) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var tidlegare kulturminister, no arbeidsminister i regjeringa Stoltenberg II. Huitfeldt er utdanna cand.philol. med hovudfag i historie, er gift og har tre ungar.

Huitfeldt er dotter av lagdommar Iver Huitfeldt (f. 1943) og lektor Sidsel Scharning (1940–1990). Ho kjem frå Jessheim i Akershus og høyrer til den danske adelsslekta Huitfeldt (vert uttala hvittfelt). Ho er også niese av Høgre-politikaren Fritz Huitfeldt.

Utdanninga si på vidaregåande skule var ho ferdig med i 1988. Ho var leiar i Ullensaker AUF frå 1985 til 1988 og styremedlem i Akershus AUF frå 1986 til 1990. I 1989 byrja ho på universitetsstudia sine ved Universitetet i Oslo. Ho tok då grunnfag i statsvitskap og historie fram til 1992, då ho byrja på grunnfag i geografi ved London School of Economics. I 1993 var ho tilbake ved Universitetet i Oslo og tok hovudfag i historie.

Ho var nestleiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) frå 1994 til 1996 og leiar frå 1996 til 2000. Frå 2000 til 2005 arbeidde ho som forskar i Forskningsstiftelsen Fafo. Ho var også styremedlem i Redd Barna frå 2001 til 2007. Huitfeldt var vararepresentant til Stortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005, og vart innvald fast frå Akershus i 2005. Ho har sidan 2002 vore sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, og frå 2007 leiar i Arbeidarpartiets kvinnenettverk. Frå ho vart innvald i 2005 til ho vart statråd i 2008, var ho fyrste nestleiar i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, i tillegg til medlem av gruppestyret til Arbeidarpartiet på Stortinget.

Huitfeldt vart i statsråd 29. februar 2008 utnemnd til barne- og likestillingsminister etter at Manuela Ramin-Osmundsen trekte seg frå denne ministerposten. Gorm Kjernli vart då fast vara for henne på Stortinget. 20. oktober 2009 vart ho utnemnd til kulturminister i den «nye» regjeringa Stoltenberg II, og i perioden 2009–2013 er det Are Helseth som møter som fast vara på Stortinget.

Damokloide

Damokloidar er asteroidar som 5335 Damocles og 1996 PW som høyrer til Hally-familien eller som har lange banar med høg eksentrisitet lik periodiske kometar som Halleys komet, men som ikkje har ein koma eller komethale.

Det vert trudd at damokloidar er kjernane av Halley-type-kometar som har mista alle dei flyktige stoffa (gassane) etter gjentekne nærpasseringar av Sola. Slike kometar er tenkte å koma frå Oorts sky. Denne hypotesen er styrkt av at ei rekkje lekamar som ein trudde var damokloidar viste seg å utvikla koma og vart bekrefta å vera kometar. Desse var: C/2001 OG108 (LONEOS), C/2002 CE10 (LINEAR), C/2002 VQ94 (LINEAR), C/2004 HV60. Endå eit sterkt bevis er at ein fjerdedel av damokloidane har retrograde banar, ulikt dei fleste andre asteroidar.

I juli 2007 kjende ein til 36 damokloidar. Snittradiusen deira ligg på åtte kilometer. Albedoane til fire damokloidar har blitt målt, og dei er blant dei mørkaste objekta som er kjende i solsystemet. Damokloidar er raude i farge, men ikkje så raude som mange kuiperbelteobjekt eller kentaurar.

Den gregorianske kalenderen

Den gregorianske kalenderen er ein kalender som vart innført av pave Gregor XIII i 1582 i dei katolske landa. Han er den mest brukte kalenderen internasjonalt,

og vert mellom anna brukt i Noreg.

Den gregorianske kalenderen blei innført gjennom ein pavebulle frå 24. februar 1582.

Denne kalenderen erstatta den julianske kalenderen som Julius Cæsar innførte i år 45 f.Kr. Den gregorianske skulle korrigere skeivskapen i den julianske kalenderen, som i løpet av åra hadde gjort at ingen av månadane samsvarte med årstidene lenger. Den julianske kalenderen var 0,0078 døgn lengre enn det tropiske året som årstidene følgjer, eller 11 minutt og 14 sekund. Eit tropisk år varar i røynda 365,24219878 døgn.

Den gregorianske kalenderen har derfor 365 dagar, pluss skotår kvart 4. år, bortsett frå år som er delelege på 100. År som er delelege på 400 er likevel skotår.

Det vil seie at år 1996 er skotår, 2000 er skotår, 2004 er skotår, men 2100 er ikkje skotår. Dette gjev ei årslengd på 365,2425, noko som gjev eit avvik frå det tropiske året på berre 3 dagar per 10.000 år.

I Danmark og Noreg vart den julianske kalenderen brukt fram til søndag 18. februar 1700. Då «hoppa» kalenderen til måndag 1. mars, som var fyrste dato etter at den gregorianske kalenderen var innført.

Romerkyrkja lét torsdag 4. oktober gå over til fredag 15. oktober.

På Island og Færøyane vart den nye kalenderen innført litt seinare, med at laurdag 16. november vart følgd av søndag 28. november.

Sverige (og derfor Finland) òg freista ein gradvis overgang. Planen deira var å utelata skotårsdagen i år 1700, deretter 7 dagar i november, deretter droppa skotårsdagen i 1704, 1708 og 1712. Dei gjennomførte det fyrste draget, men så vart det heile gløymt. Kong Karl XII av Sverige måtte difor i 1711 gjenopptaka arbeidet med å få orden på den svenske kalenderen. I 1712 gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, med å ha 30 dagar i februar. Fyrst i 1753 gjekk dei over til den gregorianske kalenderen, med å hoppe frå 17. februar til 1. mars.

Friidrett under Sommar-OL 1996

Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1996 i Atlanta vart avvikla i tida 26. juli til 4. august 1996. Det vart tevla i 44 øvingar, 24 for menn og 20 for kvinner. 2 053 utøvarar frå 191 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Centennial Olympic Stadium med plass til 85 000 tilskodarar.

Under tevlingane vart det sett to verdsrekordar. Donovan Bailey frå Canada vann 100 meter for menn på rekordtida 9,84 sekundar. Arrangørlandet sin Michael Johnson forbetra sin eigen ferske verdsrekord på 200 meter med heile 34 hundredels sekund til 19,32 sekundar.

I tillegg til dei to verdsrekordane vart ei rad olympiske rekordar forbetra. Norske Vebjørn Rodal vart olympisk meister på 800 m med 1.42,58, Haile Gebrselassie frå Etiopia vann 10 000 m på 27.07,3, og Allen Johnson frå USA sigra med 12,95 sekundar i 110 m hekk. Charles Austin og Kenny Harrison, begge frå USA, tok gullmedaljar i høgdehopp og tresteghopp med høvesvis 2,39 m og 18,09 m. Mellom kvinnene sette franske Marie-José Pérec olympisk rekord med 48,25 sekundar på 400 m, og Deon Hemmings frå Jamaica gjorde det saem med 52,82 sekundar på 400 m hekk. Kinesiske Wang Junxia vann 5000 m for kvinner på 14.59,8, medan Fernanda Ribeiro frå Portugal gjekk til topps i milløpet med 31.01,6. Inessa Kravets frå Ukraina forbetra trestegrekorden tl 15,33 m, og Jelena Nikolajeva frå Russland kom i mål på rekordtida 41.49 minuttar i 10 km kappgang.

Grevskap i England

Grevskapa i England (county) er område nytta som administrative, geografiske og politiske einingar. Heile England er delt inn i 48 seremonielle grevskap, som òg vert kalla geografiske grevskap. Mange av desse grevskapa har opphav langt tilbake i historia, heilt til antikken, medan andre vart oppretta så nyleg som i 1974. Bortsett frå Greater London og Isles of Scilly er England delt inn i 83 metropolitanske og ikkje-metropolitanske grevskap. Desse samsvarar med område nytta for lokalt styresett og kan bestå av eitt enkelt distrikt eller vere delt inn i fleire. I april 2009 er 27 slike grevskap inndelt i distrikt og har eit grevskapstyre. Dei fleste seremonielle grevskapa samsvarar med eit metropolitansk eller ikkje-metropoliansk grevskap med same namn, men ofte med reduserte grenser. Den noverande ordninga er eit resultat av ei vaksande reform. Frå 1974 til 1996 samsvara dei metropolitanske og ikkje-metropolitanske grevskapa heilt med dei seremonielle grevskapa. Frå 1889 til 1974 vart område med grevskapstyre kalla administrative grevskap og seremonielle grevskap vart definert utanom. Som ein del av postvesenet vart det oppretta 48 postgrevskap frå 1974 til 1996, men desse har sidan vorte avskaffa av Royal Mail. Grevskapa vert nytta som geografiske område for mange institusjonar som politi og brannvesen.

Karin Andersen

Karin Andersen (fødd 16. desember 1952 i Kongsvinger) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti som er kjend for innsatsen sin for kampen mot fattigdom og inkludering av ulike grupper i samfunnet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Hedmark fylke i 1997, og var vararepresentant i perioden 1989–1993. Andersen er busett i Hamar.Karin Andersen arbeidde som barnehageassistent frå 1977 til 1997, og studerte i vaksen alder samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø (1996) og Høgskolen i Lillehammer (1996–1997).

På Stortinget har ho vore medlem av Fullmaktskomiteen (1997–2001), Kommunalkomiteen (1997–2001 og 2001–2005), Valkomiteen (2001–2005), Den utvida utanrikskomiteen (2001–2005) og leiar av Arbeids- og sosialkomiteen (2005–2009). I perioden 2009–2013 er ho fyrste nestleiar i Arbeids- og sosialkomiteen. Frå 1999 til 2005 var Andersen parlamentarisk nestleiar i SV.

Andersen var fylkestingsmedlem frå 1987 til 1995, og fylkesvaraordførar i Hedmark i perioden 1991–1995. Ho var medlem av Kongsvinger kommunestyre frå 1983 til 1997, éin av periodane (1987–1991) var ho også formannskapsmedlem. Andre politiske verv ho har hatt er leiar av Hedmark SV (1986–1987) og medlem av hovudstyret (1985–1987), landsstyret (1985–1988 og 1995–1996) og sentralstyret (1995–1996) i SV.

Ho fekk Klar Tale-prisen i 1998, for å setje det vanskelege offentlege språket på dagsorden, og prisen Årets Fattigmann i 2008, for bidraget hennar til kampen mot fattigdom.

Nevill Francis Mott

Nevill Francis Mott (30. september 1905 –8. august 1996) var ein britisk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1977 saman med John H. van Vleck og Philip Warren Anderson for arbeidet deira med magnetiske og elektroniske element.

Mott vart i 1962 slått til riddar og fekk då rett til å føre tiltaleforma Sir føre namnet sitt. I 1995 vart han utnemnd til Order of the Companions of Honour.

Mott var professor i teoretisk fysikk i Bristol frå 1933 til 1954, og frå då og fram til 1971 professor i eksperimentell fysikk og styrer av Cavendish-laboratoriet i Cambridge. Frå 1971 til 1978 var han seniorforskar ved Imperial College i London. Mott gjorde seg merka i 1930 for ein kvantemekanisk handsaming av spreiing av alfapartiklar mot heliumkjerner. Han påviste at det på grunn av bølgjenaturen til partiklane ville det bli interferens mellom identiske partiklar. Den eksperimentelle påvisinga av dette tilhøve, som umiddelbart følgde, var ein av dei tidlege triumfane til kvantemekanikken. Dei seinare arbeida til Mott var særleg i tilknyting til rørsla til elektron i metall og halvleiarar.

Mott er òg kjent som forfattar av lærebøker i kvantefysikk.

PubMed

PubMed er ein gratis søkemotor som gjev tilgang til databasen MEDLINE sine referansar over livsvitskaplege og biomedisinske emner. Databasen er drifta av United States National Library of Medicine ved National Institutes of Health som del av Entrez-systemet for informasjonsattfinning.

Frå 1971 til 1997 var nettbasert tilgang til databasen avgrensa til institusjonar og universitetsbibliotek. Frisleppet i 1996 var starten på ein æra av privat, gratis, heime- og kontorbasert medisinsk søk.

Regionar i Skottland

Regionar i Skottland er administrative einingar som har teke over etter dei eldre grevskapa. Dei heiter no formelt Council areas, etter ei reform av 1. april 1996.

Russisk

Russisk er eit av dei indo-europeiske språka, på den slaviske språkgreina saman med mellom andre polsk, ukrainsk, tsjekkisk, slovakisk, bulgarsk, slovensk og serbo-kroatisk. I lag med ukrainsk og kviterussisk utgjer russisk dei tre austslaviske språka. Russisk er det mest utbreidde slaviske språket. Nyare overslag for russisktalande varierer mellom 145 og 160 millionar menneske.

Sommar-OL 1996

Sommar-OL 1996 vart halde i Atlanta i USA. USA vart beste nasjon. Noreg fekk to gullmedaljar.

The Internet Movie Database

The Internet Movie Database (IMDb) er den eldste og sannsynlegvis største filmdatabasen på Internett. Den er kjent for å vere svært dekkjande, også med informasjon om ikkje-engelskspråklege filmar, lågbudsjettfilmar, TV-filmar og dataspel.

IMDb vart oppretta i 1990 som eit enkelt program for å søkje i lista over vanlege spørsmål (FAQ) for nyheitsgruppe rec.arts.movies . I 1993 var det mogleg å sende spørsmål til programmet via e-post, og året etter kunne også brukarane sende inn tillegg til databasen og det vart utvikla eit www-basert grensesnitt, noko som opna IMDb for den store brukarmassen. I byrjinga var IMDb ikkje-kommersiell, og brukte donert bandbredde og maskinvare. I 1996 vart det danna eit selskap i Storbritannia, Internet Movie Database Ltd. med eigendomsretten til databasen, og det kom reklame på nettstaden. I 1998 vart verksemda kjøpt opp av Amazon.com.

Wayback Machine

Wayback Machine er eit digitalt arkiv av sider frå Verdsveven og andre delar av Internettet. Det blei lansert i 2001 av Internet Archive, ein ideell organisasjon frå USA.

Dei to grunnleggjarane av Internet Archive, Brewster Kahle og Bruce Gilliat, lanserte Wayback Machine som eit svar på problemet med at innhald på nettstader kunne forsvinna når nettstaden blei endra eller stengd. Tenestar gjer at brukarar kan sjå arkiverte versjonar av nettsider frå ulike tidspunkt, i det arkivet kallar tredimensjonal indeksering.Prosjektet byrja å lagra nettsider i 1996, med mål om å gjera tenesta offentleg tilgjengeleg fem år seinare. Frå 1996 til 2001 blei informasjonen lagra på Digital Tape, som Kahle kunne gje forskarar tilgang til på ein individuell basis. Då arkivet var fem år gammalt i 2001 blei det avduka og opna for allmenn bruk gjennom ein seremoni ved University of California, Berkeley. Då Wayback Machine blei lansert inneheldt han allereie over 10 milliardar arkiverte nettsider.Ved slutten av 2014 inneheldt Wayback Machine 435 milliardar nettsider, nesten ni petabyte data, og voks med rundt 20 terabyte per veke.Namnet «Wayback Machine» viser til «WABAC machine» (uttalt way-back), ein oppdikta tidsmaskin brukt i animasjonsserien The Rocky and Bullwinkle Show.

Kategoriar
1996
Busetnader grunnlagde i 1996
Døde i 1996
Fødde i 1996
Hendingar i 1996
Katastrofar i 1996
Kultur i 1996
1996 etter land
Nedleggingar i 1996
Politikk i 1996
Samferdsle i 1996
Skip frå 1996
Skipingar i 1996
Sport i 1996
1996 etter verdsdel
Vitskap i 1996
1996 i andre kalendrar
Gregoriansk kalender 1996
MCMXCVI
Ab urbe condita 2749
Armensk kalender 1445
ԹՎ ՌՆԽԵ
Kinesisk kalender 4692 – 4693
?亥 – 丙子
Etiopisk kalender 1988 – 1989
Jødisk kalender 5756 – 5757
Iransk kalender 1374 – 1375
Islamsk kalender 1417 – 1418
Hindukalendrar
- Vikram Samvat 2051 – 2052
- Shaka Samvat 1918 – 1919
- Kali Yuga 5097 – 5098

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.