18. april

18. april er den 108. dagen i den gregorianske kalenderen (109. under skotår). Det er 257 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Det zimbabwiske flagget
Nasjonaldag i Zimbabwe

Religiøs helgedag

Namnedag

Noreg Eilen og Eilert
Sverige Valdemar og Volmar
Danmark Eleuterius

Hendingar

Utlandet

Noreg

  • Landevernet kjem i kamp med tyske invasjonsstyrkar ved Bagn i Valdres. Krigshandlingane varte i over tre døgn.

Fødde

Sjå òg Fødde den 18. april.

Døde

Einstein1921 by F Schmutzer 2
Albert Einstein i 1921
Sjå òg Døde den 18. april.
1906

1906 (romartal MCMVI)

1955

1955 (romartal MCMLV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.

1956

1956 (romartal MCMLVI)

1966

1966 var eit år i 1960-åra.

2002

2002 (romartal MMII) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen.

Albert Einstein

Albert Einstein (14. mars 1879–18. april 1955) var ein tysk-jødisk teoretisk fysikar og nobelprisvinnar som er mest kjend for å ha formulert relativitetsteorien.

Ann-Mari Thomassen

Ann-Mari Thomassen (fødd 18. april 1964) var sametingsrepresentant for Norske Samers Riksforbund i perioden 2005-2009. Ho vart innvald frå Sør-Troms valkrins.

Frå og med november 2006 var Thomassen vararepresentant for Randi Skum i sametingsrådet. Thomassen er leiar for Sametingets tilskuddstyre i perioden 2005-2009.

Break Every Rule

Break Every Rule er det sjette soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut på Capitol Records i 1986. Det var oppfølgjaren til det særs suksessrike comebackalbumet hennar, Private Dancer, som kom ut to år tidlegare.

FK Vidar

Fotballklubben Vidar er eit idrettslag i Stavanger, grunnlagd 18. april 1906. Fotballklubben har endra draktfargar fleire gongar, siden 1971 har klubblaga spelt i heilraude drakter.

Help!

«Help!» er ein song av The Beatles som var tittelsporet på både albumet Help! og filmen Help!. Han vart òg gjeven ut på singel og nådde førsteplassen i mange land, inkludert Noreg, Storbritannia og USA. Songen er hovudsakleg skriven av John Lennon, men tilskriven Lennon/McCartney (som alle Beatles-songar skrivne av desse to). Lennon fortalte seinare at tittelen kom av desperasjon. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 29. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.

Olemic Thommessen

Olaf Michael «Olemic» Thommessen (fødd 18. april 1956 på Lillehammer) er ein norsk advokat og politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Oppland fylke sidan 2001, og er medlem av Stortingets familie- og kulturkomité. Thommessen er Høgres talsperson for saker innan kultur, medium, barn, familie, og likestilling. Han var leiar i Lillehammer Høgre frå 1986 til 1991, medlem i Lillehammer kommunestyre frå 1987 til 1995, og leiar i Oppland Høgre frå 1991 til 2001. Frå oktober 2013 til august 2018 var Thommessen stortingspresident.

Per Olaf Lundteigen

Per Olaf Lundteigen (fødd 18. april 1953) er ein norsk senterpartipolitikar og stortingsrepresentant frå Buskerud.

Lundteigen vart fødd i Øvre Eiker. Han er utdanna sivilagronom hos Norges landbrukshøgskole (seinare UMB) i 1977. Han arbeider til vanleg som gardbrukar. I perioden 12. mai 1999 til 17. mars 2000 sat Lundteigen som statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet.

På Stortinget har Lundteigen representert Buskerud fylke i perioden 1993-97, var ute av tinget i to stortingsperiodar, før han vart vald inn att for Buskerud og Senterpartiet i 2005.

Private Dancer

Private Dancer er det femte studioalbumet til Tina Turner. Det var debutalbumet hennar for plateselskapet Capitol Records og kom ut i mai 1984. Plata vart spelt inn fleire stader i England med fire forskjellige produksjonsteam, inkludert Rupert Hine, og Martyn Ware og Ian Craig Marsh frå Heaven 17. Det var ei radikalt ny retning frå rhythm and blues-stilen Turner hadde spelt med den eks-mannen og den tidlegare partneren Ike Turner. Songane på albumet er ei blanding av livlege songar og balladar, som hovudsakleg er inspirerte av pop og rock, med element av smooth jazz og R&B.

Etter fleire krevjande år som soloartist etter skilsmissen med Ike, gjorde Private Dancer Turner til ei stor solostjerne, og ein av dei mest seljelege crossover-songarane i plateindustrien. Plata vart ein verdsomfattande suksess og selde til fleire platinaplater i Australia, Canada, Tyskland, Storbritannia og USA. Til i dag er dette det bestseljande albumet hennar i Nord-Amerika. Det vart gjeve ut sju singlar frå Private Dancer, inkludert «What's Love Got to Do with It», «Better Be Good to Me», «Private Dancer» og «Let's Stay Together». Plata fekk god kritikk av musikkpressa då det kom ut og ein hylla energien og den rå kjensla som Turner gav dei glatt produserte pop- og rocksongane. Albumet står att som albumet som mjuka opp den rå southern soul-stilen hennar og skapte eit «landmerke» i «utviklinga av pop-soul-musikk». Albumet vart marknadsført gjennom 1985 med 177 konsertar verda over under Private Dancer-turneen.

Robert Christgau

Robert Christgau (fødd 18. april 1942) er ein amerikansk essayist, musikkjournalist og sjølvutnemnd «Dean of American Rock Critics» (dekan for dei amerikanske rockekritikarane).Christgau vart fødd i New York. Han seier at han vart ein rock and roll-fan då discjockeyen Alan Freed kom til byen i 1954. Han forlét New York for å byrje på college i New Hampshire, der han vart uteksaminert i 1962. Under collegetida vart han meir interessert i jazz, men vende tilbake til rock and roll så snart han kom tilbake til New York.

Til å byrje med skreiv han noveller, før han i 1964 vart sportjournalist og seinare politireportar for Newark Star-Ledger. Christgau byrja som frilansar etter at ein reportasje om dødsfallet til ei kvinne i New Jersey vart publisert i New York Magazine. Han vart forespurt om å ta over den inaktive musikkspalten i Esquire, og byrja der i 1967. Då Esquire la ned spalta flytta han over til The Village Voice i 1969 og tok i tillegg ein jobb som collegelærar.

I 1972 vart han fast tilsett av Newsday, men vende i 1974 tilbake til Village Voice som musikkredaktør. Frå 1974 til 2006 var han ansvarleg for Village Voice si Pazz & Jop-liste. I 2006 fekk han sparken «for taste» (for smak) kort etter å ha vorte kritisert av New Times Media. To månader seinare byrja han å skrive for Rolling Stone Magazine.

Christgau har òg regelmessig skrive for Playboy, Spin, Creem og Blender. I 2005 vart han professor på Clive Davis Department of Recorded Music på New York University.

Storm Thorgerson

Storm Elvin Thorgerson (fødd 28. februar 1944 i Potters Bar i Middlesex, død 18. april 2013) var ein britisk grafisk designar. Han var ein stor del av den britiske grafiske designergruppa kalla Hipgnosis, og designa mange av deira mest berømte singel- og plateomslag. Han er kanskje mest kjend for plateomslaga han designa for Pink Floyd . Designet hans for The Dark Side of the Moon har vore kalla det beste plateomslaget gjennom tidene . Mykje av arbeidet hans er kjend for å ha surrealistiske element. Han plasserte ofte lekamar på stader der dei vanlegvis ikkje høyrer heime, særleg med store opne område rundt dei. Det har vorte gjeve ut fleire bøker som omhandlar arbeidet til Storm Thorgerson gjennom den over tretti år lange karrieren hans.

Tina Bru

Tina Bru (fødd 18. april 1986) er ein norsk politikar for Høgre, som sidan hausten 2013 er stortingsrepresentant for Rogaland.

Bru var 2007-08 leiar for Rogaland Unge Høgre, og 2008–10 landsstyremedlem i Unge Høgre.

Perioden 2009-13 var ho fyrste vararepresentant til Stortinget for Høgre i Rogaland, og møtte ei tid i staden for Arve Kambe. Frå 2011 er Bru medlem av både Stavanger bystyre og Rogaland fylkesting.

Hausten 2012 vart Bru nominert som Rogaland Høgre sin fjerdekandidat til stortingsvalet 2013, og vart innvald med god margin. På Tinget er ho medlem av Miljø- og energikomiteen.

Tina Live in Europe

Tina Live in Europe er det første konsertalbumet til Tina Turner. Det vart gjeve ut i 1988.

Trine Hattestad

Elsa Katrine Solberg Hattestad (fødd 18. april 1966 i Lørenskog) er ein norsk tidlegare friiidrettsutøvar kjend som Trine Hattestad. Ho vann to VM-gull i spydkast og vart olympiameister i 2000. Ho var medlem av klubben Ski IL fram til 1985, frå 1986 medlem av Minerva. Ho spela handball på 2. nivå for Oppegård IL. Ho bur i Oppegård i Akershus.

Åse Gunhild Woie Duesund

Åse Gunhild Woie Duesund (fødd 18. april 1944 i Grimstad) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i 1997 og sat i tre periodar. Duesund var fylkesvaraordførar i Aust-Agder i perioden 1993–1995.

Ho er utdanna fysioterapeut frå Statens fysioterapihøgskole (1969). Duesund har arbeidd som fysioterapeut, og som lærar i den vidaregåande skulen.

Ho var medlem av Aust-Agder fylkesting 1987–1997, dei siste fire åra som heiltidspolitikar. Ho var medlem av fylkesstyret i Aust-Agder KrF frå 1993 til 2001 og sentralstyret i KrF frå 1999 til 2003. I den fyrste perioden hennar på Stortinget var ho medlem av Den utvida utanrikskomiteen, Fullmaktskomiteen og Sosialkomiteen, i tillegg til at ho var delegat til generalforsamlinga i SN. I perioden frå 2001 til 2005 var ho andre nestleiar i Sosialkomiteen og medlem av Fullmaktskomiteen. I siste noverande perioden var ho medlem av Arbeids- og sosialkomiteen. Ho har også vore medlem av styret til KrF si stortingsgruppe i store delar av dei periodane ho har sete på Stortinget.

< April >
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 >

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.