1771

1771 (romartal MDCCLXXI) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske kalenderen.

< 1771 >

1769 | 1770 | 1771 | 1772 | 1773

Hendingar

Afbildning paa Grev Struensee i sit Fængsel object179
Johann Friedrich Struensee i sitt fengsel

Utlandet

Noreg

Gros Portrait à l'âge de vingt ans (RO 109)
Antoine-Jean Gros som tjueåring.

Fødde

Sjå òg Fødde i 1771.

Døde

Sjå òg Døde i 1771.

Kjelder

  1. Rathbone, Jim. James Mitose and the Path of Kenpo. LeAnn Rathbone. s. PT57. ISBN 978-1-60702-961-8.}}
  2. Pran Nath Chopra; B.N. Puri; M.N. Das (2003). A comprehensive history of medieval India. 2. Sterling Publishers Pvt. Ltd. s. 207. ISBN 9788120725089.

< 1700 | 1701 | 1702 | 1703 | 1704 | 1705 | 1706 | 1707 | 1708 | 1709 | 1710 | 1711 | 1712 | 1713 | 1714 | 1715 | 1716 | 1717 | 1718 | 1719 | 1720 | 1721 | 1722 | 1723 | 1724 | 1725 | 1726 | 1727 | 1728 | 1729 | 1730 | 1731 | 1732 | 1733 | 1734 | 1735 | 1736 | 1737 | 1738 | 1739 | 1740 | 1741 | 1742 | 1743 | 1744 | 1745 | 1746 | 1747 | 1748 | 1749 | 1750 | 1751 | 1752 | 1753 | 1754 | 1755 | 1756 | 1757 | 1758 | 1759 | 1760 | 1761 | 1762 | 1763 | 1764 | 1765 | 1766 | 1767 | 1768 | 1769 | 1770 | 1771 | 1772 | 1773 | 1774 | 1775 | 1776 | 1777 | 1778 | 1779 | 1780 | 1781 | 1782 | 1783 | 1784 | 1785 | 1786 | 1787 | 1788 | 1789 | 1790 | 1791 | 1792 | 1793 | 1794 | 1795 | 1796 | 1797 | 1798 | 1799 >

12. februar

12. februar er den 43. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 322 dagar att av året (323 under skotår).

1716

1716 (romartal MDCCXVI)

1769

1769 (romartal MDCCLXIX) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.

1770

1770 (romartal MDCCLXX) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen.

1772

1772 (romartal MDCCLXXII) var eit skotår som byrja på ein onsdag i

den gregorianske kalenderen.

1773

1773 (romartal MDCCLXXIII) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein tirsdag i den julianske kalenderen.

1778

1778 (romartal MDCCLXXVIII) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen.

1779

1779 (romartal MDCCLXXIX) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen.

Andreas Kiønig

Andreas Aagaard Kiønig (8. august 1771–1. mars 1856) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Kiønig var fødd i Grue. Han vart uteksaminert cand.jur. i 1790. Åra 1793 til -98 var han tilsett i kanselliet i København. Frå 1798 var han sorenskrivar i Østerdalen.

Kiønig var med i riksforsamlinga i 1814 som 2. utsending frå Hedmark. På Eidsvoll slutta han seg til sjølvstendepartiet.

Same året, 1814, vart han tilsett som assessor i Noregs Høgsterett.

I 1836 var Kiønig ein av kandidatane til stillinga som høgsterettsjustitiarius, men det vart Georg Jacob Bull som vart utnemnd. Kiønig trekte seg då, 1837, frå Høgsterett.

I eigenskap av høgsterettsdommar var Kiønig medlem av riksrettane 1815-16, 1821-22 og 1836, ved det siste høvet som fungerande justitiarius. Ved riksretten 1827 melde han forfall grunna sjukdom.

I perioden 1816-21 var Kiønig statsrevisor.

Kiønig, som levde ugift, døydde på garden sin, Oppsal, i Elverum. Eit minnesmerke vart reist på grava hans på Elverum kyrkjegard.

Frederik Schmidt

Frederik Schmidt (27. mai 1771–16. februar 1840) var ein norsk-dansk teolog, diktar og eidsvollsmann.

Frederik Schmidt var fødd i Asminderød på Sjælland i Danmark. Far hans, Christian Schmidt, vart i 1773 biskop i Akershus stift og familien flytta til Kristiania. Sjølv studerte han teologi i København og vart cand. theol. i 1791. Han arbeidde så som fengselsprest i Kristiania, sokneprest i Eiker og frå 1808 som prost i Kongsberg. Schmidt var ein typisk opplysningsteolog, oppteken av skulesak og fattigstell. I åra som fengselsprest arbeidde han elles mykje med Oslos historie, og redigerte i tidsskriftet «Hermoder» i to år.

Schmidt representerte Buskerud amt på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, og var medlem av konstitusjonskomitéen. Han la der fram forslag om at ei lov som ikkje har fått fleirtal etter å ha vore handsama to gongar i avdelingane, må ha 2/3 fleirtal for å verte vedteken i samla Storting. Schmidt vart elles rekna å høyre til sjølvstendepartiet. Han var også medlem av det overordentlege storting i 1814.

Etter å ha kome dårleg ut av ein injurieprosess med ein mann frå Eiker, klaga han til Stortinget 1815-16, utan å få medhald. Han flytta så i 1817 til Danmark, etter å ha fått permisjon. 1818-19 var han saman med den danske forfattaren Bernhard Severin Ingemann på reise i Tyskland, Sveits og Italia.

I 1820 kom Schmidt tilbake til Eiker og heldt avskjedspreike. Han var deretter sokneprest i Himmelløv i Danmark, der han døydde i 1840.

I Danmark vart Schmidt kjent som salmediktar. Han studerte elles teologi, og fekk, i samband med tusenårsfesten for kristendomens innføring i Danmark, den teologiske doktorgraden i 1826.

Hans Nielsen Hauge

Sjå òg filmen Hans Nielsen HaugeHans Nielsen Hauge (fødd 3. april 1771 i Tune, Rolvsøy, død 29. mars 1824 i Kristiania) var ein norsk lekpredikant.Han er kjend som stiftaren og leiaren av «haugerørsla».

Då Hauge var 25 år fekk han sitt «åndelege gjennombrot». Ein dag han var ute på åkeren og song på salmen «Jesus, din søde forening at smage» mens han pløgde, kjente han det som om «Guds kjærleik besøkte han». Etter dette byrja han som predikant. Han fokuserte på ei lære om det personlege gudsforhold og ein nøktern og arbeidssam livsførsel. I åra frå 1797 til 1804 gjekk han frå stad til stad, og medan han gjekk, strikka han.

På dei gardane han fekk husrom hjelpte han til litt og samla dei som budde på garden og nabogardane til andakt. Dette var eigentleg ikkje lovleg. Dette var på grunn av «konventikkelplakaten» frå 1741, som forbaud lekfolk å halde oppbyggjelege møte utan godkjenning frå soknepresten. Han vart gjentekne gonger arrestert, på det meste ti gonger på sju år. I 1804 vart det reist ei stor og omfattande sak mot han, og han sat til slutt i fengsel fram til 1811 og måtte betale ei bot på 1000 riksdalar. Etter dette slutta han med reiseverksemda, men i 1813 vart han dømd til to års slaveri på Akershus festning.I dei 18 åra han var predikant og utanfor fengselet, gav han ut 33 bøker. I tillegg hjelpte han folk med å drive handel og industriføretak. Ein kan seie at kristendomssynet til Hauge var pietistisk, men han la større vekt på å tene Gud med praktisk arbeid enn pietismen tradisjonelt gjorde.

Jørgen Aall

Jørgen Aall (fødd 22. februar 1771 i Porsgrunn, død 7. april 1833 same stad) var ein norsk trelasthandlar, godseigar og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Han var bror av Jacob og Niels Aall.

Aall var son av trelasthandlar og godseigar Nicolai Benjamin Aall. Etter endt utdanning i England og Frankrike arbeidde han i verksemda til faren fram til han starta for seg sjølv i 1796. I Porsgrunn vart han etter kvart borgarrepresentant, stadskaptein og fransk konsularagent. Uheldige konjunkturar innan trelasthandelen etter store tap under krigen med mellom anna kapring av skipa hans

gjorde at han måtte leggje ned handelsverksemda.Aall var medlem av i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som 1. representant frå Porsgrunn. Han

knytte seg til Sjølvstendepartiet. Under Riksforsamlinga skreiv han dagbok, som seinare vart trykt i Yngvar Nielsen si bok Bidrag til Norges historie i 1814. Han var òg medlem av omframstortinget i 1814 og Stortinget i 1815, begge gonger for Skien og Porsgrund.Jørgen Aall er gravlagd på Østre Porsgrunn kyrkjegard. 17. mai 1901 vart det avduka ein bauta på grava hans.

Minjar

Minjar (russisk Минья́р) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg dalen til elva Sim der ho renn saman med elva Minjar, 370 km vest for Tsjeljabinsk.

Byen vart grunnlagd i 1771 og fekk bystatus i 1943.

Musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart

Wolfgang Amadeus Mozart var produktiv og skreiv i mange sjangrar. Dei mest kjende verka hans er skriven innan opera, pianokonsertar og sonatar, symfoni, og strykekvartettar og strykekvintettar. Mozart skreiv òg mange soloverk for piano, andre former for kammermusikk, messer og anna kyrkjemusikk, fleire dansar, divertimenti, og andre former for lett underhaldning.

Ole Olsson Amundrød

Ole Olsson Amundrød eller Olsen, (30. mai 1771–24. mars 1835) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann.

Ole Olsson Amundrud var frå garden Østby i Tjølling i Vestfold. Han var frå 1789 omgangsskulelærar i heimbygda. År 1800 vart han utnemnd til klokkar og skulehaldar i Tjølling. Denne kombinerte stillinga hadde han til 1810. Han gifta seg til garden Ommundrød / Amundrød i Tjølling, og dreiv denne frå 1813. Han og kona Ingeborg Maria fekk etter kvart åtte born.Amundrød vart i 1814 vald til 3. representant for Laurvigs grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll. Her knytte han seg til Sjølvstendepartiet. Til det overordentlege storting seinare same året var han varamann (suppleant).

Etter at han kom heim att frå Eidsvoll i 1814 bygde han om bustadhuset på Amundrød til eit kombinert gjestgjevarhus og skysstasjon. Bygninga brann ned i 1902.

Symfoni nr. 12 av Mozart

Symfoni nr. 12 i G-dur, K. 110/75b, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart komponert i Salzburg sommaren 1771. Symfonien vart visstnok førebudd i vente av den andre reisa til Mozart til Italia, som fann stad mellom august og desember 1771. Symfonien er i fire satsar og opninga allegro er den lengste satsen Mozart hadde skrive til då. Han er den «første av ei gruppe verk måla på eit større lerret og med større individualitet enn dei tidlegare musikkverka hans.».

Symfoni nr. 13 av Mozart

Symfoni nr. 13 i F-dur, K. 112, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i Milano hausten 1771. Symfonien er i fire satsar, og den andre er instrumentert berre for strykarar. Verket har originalitet og humor, og nyttar særs få instrument. Den tredje satsen, menuetten, kan ha vorte skriven tidlegare og innlemma i symfonien. Det signerte manuskriptet syner at menuetten vart kopiert av Leopold Mozart. Nicholas Kenyon skildrar Symfoni nr. 13 som den siste i «tradisjonell form»—etter dette «er vi i byrjinga av ei anna verd»

Symfoni nr. 14 av Mozart

Symfoni nr. 14 i A-dur, K. 114, er ein symfoni komponert av Wolfgang Amadeus Mozart den 30. desember 1771, då Mozart var femten år gammal, og fjorten dagar etter erkebiskop Sigismund von Schrattenbach døydde.

Walter Scott

Walter Scott (15. august 1771–21. september 1832) var ein skotsk diktar og skribent frå Edinburgh. Han var ein av dei meste lesne forfattarane i heile verda i samtida og vert tradisjonelt rekna som grunnleggjaren av den historiske romanen. Mange av dei historiske romanane hans har vorte klassikarar og har danna grunnlag for talrike skodespel, operaer og spelefilmar.

Kategoriar
1771
Døde i 1771
Fødde i 1771
Kultur i 1771
Skipingar i 1771
1771 i andre kalendrar
Gregoriansk kalender 1771
MDCCLXXI
Ab urbe condita 2524
Armensk kalender 1220
ԹՎ ՌՄԻ
Kinesisk kalender 4467 – 4468
?寅 – 辛卯
Etiopisk kalender 1763 – 1764
Jødisk kalender 5531 – 5532
Iransk kalender 1149 – 1150
Islamsk kalender 1185 – 1186
Hindukalendrar
- Vikram Samvat 1826 – 1827
- Shaka Samvat 1693 – 1694
- Kali Yuga 4872 – 4873

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.