1500-talet

< 1500-talet > viser til hundreåret frå 1500 til 1599 i den julianske og den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Den vesle istida, ein periode med kjøligare klima, førte til dårlegare haustar og hungersnaud i nord.

Ekspedisjonen til Ferdinand Magellan var den første som segla rundt heile jorda. Berre eitt skip overlevde turen, det kom tilbake til Spania under leiing av Juan Sebastián Elcano i 1522.

Europa

Det osmanske riket nådde høgdepunktet sitt under Suleiman den Store (regjerte 15201566). Osmanarane svelgde nesten heile det ungarske kongedømet og truga habsburgarane, men måtte gje opp å ta Wien i 1529.

1500-talet såg byrjinga på protestantismen med Reformasjonen, og byrjinga på konflikten mellom dei to formene for vestleg kristendom i mellom anna Hugenottkrigen i Frankrike.

Den nye verda

Map of South america 1575
Europeisk kart over Sør-Amerika, laga i 1575.

Spania styrta aztekarriket i Mexico i 1521 og inkariket i Sør-Amerika i 1533. Dei utforska Amerika og plyndra det for gull, men introduserte òg hesten til den nyfunne verdsdelen. Tilbake til Europa kom nye matsortar: Mais, potet, tomat og sjokolade.

Portugal byrja den europeiske koloniseringa av Søraustasia då dei overvann Malaccasultanatet.

Kjende personar

Oppfinningar og oppdagingar

<< 1500 | 1501 | 1502 | 1503 | 1504 | 1505 | 1506 | 1507 | 1508 | 1509 | 1510 | 1511 | 1512 | 1513 | 1514 | 1515 | 1516 | 1517 | 1518 | 1519 | 1520 | 1521 | 1522 | 1523 | 1524 | 1525 | 1526 | 1527 | 1528 | 1529 | 1530 | 1531 | 1532 | 1533 | 1534 | 1535 | 1536 | 1537 | 1538 | 1539 | 1540 | 1541 | 1542 | 1543 | 1544 | 1545 | 1546 | 1547 | 1548 | 1549 | 1550 | 1551 | 1552 | 1553 | 1554 | 1555 | 1556 | 1557 | 1558 | 1559 | 1560 | 1561 | 1562 | 1563 | 1564 | 1565 | 1566 | 1567 | 1568 | 1569 | 1570 | 1571 | 1572 | 1573 | 1574 | 1575 | 1576 | 1577 | 1578 | 1579 | 1580 | 1581 | 1582 | 1583 | 1584 | 1585 | 1586 | 1587 | 1588 | 1589 | 1590 | 1591 | 1592 | 1593 | 1594 | 1595 | 1596 | 1597 | 1598 | 1599 >>

Dansk

Dansk (eigen uttale [ˈdanˀsg]) er eit nordgermansk språk snakka av omkring 5,6 millionar menneske, hovudsakleg i Danmark og i det tyske landskapet Sydslesvig der det har status av eit minoritetspråk. Små dansktalande fellesskap finst endå i Noreg, Sverige, Spania, Dei amerikanske Sambandsstatane, Canada, Brasil og Argentina. Ogso, inmigrasjonen og språkskiftet i urbane område har ført til at 15-20% av folkesetnaden på Grønland snakkar dansk som fyrste språk.

So som andre nordgermanske språk har dansken opphav i urnordisk, fellesspråket til dei germanske folka som busette seg i Skandinavia under vikingtida. Den indre klassifikasjonen av nordgermanske språk er omstridt, med den diakrone og den synkrone modellen som mest godkjende innom språkvitskapen. I den diakrone modellen er dansk og svensk samla under den austnordiske greina i motsetnad til vestnordiske språk norsk, islandsk og færøysk. I den synkrone modellen fell dansk, norsk og svensk saman under den fastlandske gruppa, medan islandsk og færøysk byggjer saman øynordiske språk. Dansk, norsk og svensk er gjensidig forståelege til ein viss grad.

So lenge som til 1500-talet var dansk eit dialektkontinuum snakka mellom Slesvig og Skåne som ikkje hadde noko som helst standardisert tale- eller skriftspråk. Situasjonen endra seg etter oppfinninga av trykking og den protestantske reformasjonen, når riksdansken byrja å utvikle seg på grunnlaget av Københavns dialekt. Språkstandarden breidde seg ovanfor landet gjennom utdanningssystemet og administrasjon, jamvel om tysk og latin framleis var hovudskriftspråka til og med det seine 1600-talet. Etter kontinuerlege landstap mot Sverige og Tyskland, fekk dansken sterkare knyting til den danske nasjonalidentiteten og blei stadig meir populært under 1700- og 1800-talet. I dag størstedelen av folkesetnaden i Danmark snakkar standardspråket og regionale skilnader minskar seg. So som i andre land spelar generasjonsskiftet ei større rolle i språkutviklinga.

Dansk har veldig stort vokalinventar med 27 vokalfonem. Prosodisk merkjer dansken seg ut gjennom stød, ein type av laryngal arikulasjon som i stor grad motsvarer tonelagsdistribusjonen i svensk og norsk. Dansk blir ofte hevda som eit vanskeleg språk å lære og forstå på grunn av sine fonetiske særdrag som ikkje finst i grannespråka. Grammatikken av dansk er delvis bøyingsbasert og liknar mykje svensk, norsk og engelsk. So som andre fastlandske nordiske språk viser dansk og V2-ordstilling der finitte verbformer alltid står på andre plass i ei setning.

Galileo Galilei

Galileo Galilei (15. februar 1564–8. januar 1642) var ein italiensk filosof, fysikar, matematikar og astronom.

Galleri

'Galleri (frå fr. galerie, it. galleria) kan visa til fleire ulike bygningstypar.

Innan arkitektur kan det visa til eit langt, smalt rom; ein overdekka balkong eller gang. I praktbygg kan galleri vera utsmykka med kunstverk, noko som har gjeve opphavet til det reine kunstgalleriet. Galleri kan byggjast langs ein yttervegg med same golvplan som rommet innanfor, men også heva over dette og i nokre høve skytande ut over det. I eit framsyningsrom som ein teatersal eller ei kyrkje kan ein ha galleri oppover veggane.

Eit av dei eldste kunstmusea er Galleria degli Uffizi i Firenze frå 1500-talet. Seinare har ein utvikla sjølvstendige galleri for utstilling og i mange høve også sal av kunstverk, særleg bilete. I nyare tid vert termen også brukt om biletframsyningar på nettstader.

Dei første kjøpesentra blei også bygde som galleri, og hadde namn etter dette, som Galleria Vittorio Emanuele II i Milano frå 1800-talet.

Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen

Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen, BWV 145, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 for tredje påske, som dette året var den 19. april.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander). Bach har sjølv truleg lagt til første og andre sats.

Koraltemaet er basert på salmen «Erschienen ist der herrlich Tag», som vart nytta av Martin Luther og andre på 1500-talet. Han har kanskje opphav som ein gregoriansk song for påske.

Indoeuropeiske språk

Indoeuropeiske språk er ein språkfamilie som består av 10 ulike språkgreiner, til saman ca. 443 språk (etter SIL), og som tradisjonelt har vorte snakka i eit område frå India (tidlegare også Kina) til Europa. Etter den europeiske koloniseringa frå 1500-talet og framover blir indoeuropeiske språk snakka i alle verdsdelar, av meir enn 2,5 milliardar morsmålstalarar.

Johannes Kepler

Johannes Kepler (27. desember 1571–15. november 1630) var ein tysk matematikar, astronom og optikar. Kepler er mest kjend for at han formulerte lovene for planetane sine rørsler. Desse vert kalla dei keplerske lovene. Kepler var ein nøkkelperson under den vitskaplege revolusjonen på 1600-talet. Verk hans danna eit av grunnlaga for Isaac Newton sin teori om universll gravitasjon.

Julis

Julis (arabisk جولس, hebraisk ג'וּלִס) er ein drusarar-landsby og lokal kommune i Nord distrikt i Israel.

Kantonar i Sveits

Kantonane i Sveits er delstatar i den føderale staten Sveits. Historisk og fram til midten av 1800-talet var kvar kanton i den daverande konføderasjonen ein suveren stat, med sin eigen hær og valuta; den noverande føderale strukturen vart etablert i 1848.

Ifølgje konføderasjonsgrunnloven av 1999, er det offisielt 26 kantonar. Ved val til det nedste kammeret (Ständerat) i konføderasjonsparlamentet og ved røysting over føderale initiativ, reknar ein talet på statar (Stände) til 23. Landområda Unterwalden, Appenzell og Basel vart kvar rekna for å vere halvkantonar. Omgrepet halvkanton er fjerna, men kantonane i dei nemnde områda har ei røyst der andre kantonar har to. Unterwalden består av Obwalden og Nidwalden, Appenzell av Appenzell Ausserrhoden og Appenzell Innerrhoden, mens Basel er sett saman av Basel-Stadt og Basel-Landschaft.

På 1500-talet bestod den sveitsiske konføderasjonen av tretten sjølvstyrte statar. Desse statane vart kalla kantonar (også Stand, før også Ort), og det fanst to ulike typar kantonar: Dei seks landkantonane og dei sju bykantonane. Sjølv om dei teknisk sett var ein del av Det tysk-romerske riket, hadde dei nærast vorte uavhengige da sveitsarane sigra over keisar Maximillian I i 1499. Sjølvstendet vart erkjent gjennom freden i Westfalen i 1648.

Fram til 1798 var dei seks landkantonane demokratiske republikkar, mens dei sju bykantonane var styrt av byråd. Men både land- og bykantonane var kontrollerte av små oligarki av rike og mektige borgarar. Mellom bykantonane var Zürich, Bern og Basel.

Kvar kanton har sin eigen grunnlov, lovgjevande forsamling, regjering og dømmande makt. Den lovgjevande forsamlinga er i alle kantonane eit eittkammerparlament, storleiken varierer mellom femtiåtte og to hundre representantar. Nokre få lovgjevande forsamlingar er generalforsamlingar (Landsgemeinden). Dei kantonale regjeringane består av anten fem eller sju medlemmer. For namn på institusjonane deira, sjå Liste over lovgjevande og utøvande makt i kantonane i Sveits.

Alle oppgåver som etter den sveitsiske grunnloven ikkje eksplisitt vedkjem konføderasjonen, er oppgåver som høyrer til kantonane. Kantonane bestemmer sjølv i kor stor grad kommunane skal kunne styre seg sjølv, noko som derfor varierer mykje. Storleiken på kantonane spenner vidt: frå berre 37 til 7 105 km2; folketalet varierer frå 14 900 til 1 244 400.

I kantonale saker, er det direkte demokratiet i form av generalforsamlingar (Landsgemeinde) no avgrensa til kantonane Appenzell Innerrhoden og Glarus. I dei andre kantonane blir dei demokratiske rettane uttrykt gjennom val. Sidan kantonen Jura vart oppretta i 1978 har det ikkje vorte oppretta nokon nye kantonar.

Kartografi

Kartografi (frå gresk chartis = kart og graphein = skrive) er læra om kartet som informasjonsberar og medium.

Det eldste kjente kartet vart funne i Irak, og er frå ca. 3800 år f.Kr. Navigasjonskart vart utvikla som fylgje av dei store oppdagingsreisene på 1500-talet

Len

Len er innan føydalisme (òg kalla lensvesen) nemninga på eit område som ein person vert gjeven styringsrett over. Styringsretten kan verta gjeven av ein fyrste, konge eller keisar. Ein som styrde eit len vart gjerne kalla lensherre.

I fleire land er len vorte ei nemning på regionale styresmakter, tilsvarande norske fylke.

I Sverige og Finland vert dette styringsnivået kalla Län (finsk språk: Lääni).

Len var viktige administrative einingar i Danmark-Noreg inntil eineveldet vart innførd i 1660. På byrjinga av 1500-talet var inndelinga ikkje stabil, men vart utgjort av fire faste slotts- eller hovudlen og om lag 30 smålen. Det fanst òg ei eining som vart kalla godslen. Frå 1500-talet og fram til 1660 var det fire hovudlen eller slottslen i Noreg:

Båhus len

Akershus len

Trondheim len

Bergenhus len, med Nord-NoregI 1660 vart Noreg delt inn i ni hovudlen:

Akershus len

Tunsberg len

Bratsberg len

Agdesiden len

Stavanger len

Bergenhus len

Trondheim len (Trondhjems len)

Nordlandene len

Vardøhus lenTalet på smålen var redusert til 17.

Ved forordning av 19. februar 1662 vart nemninga len erstatta av amt for desse forvaltningsområda.

Madrigal

Madrigalar er fleirstemmige songar som var ovende populære i den europeiske renessansen på 1500-talet. Denne musikalske sjangeren skal ha oppstått i eit kulturmøte mellom nordlege musikalske straumdrag frå den flamske skolen og folkeleg italiensk song, særleg i området kring Firenze. Den nye interessa for italiensk språk som hadde vakse fram gjennom humanismen i Italia i hundreåret før, sette òg interessa for verdsleg song i sving.

Madrigalen fekk stor utbreiing i løpet av 1500-talet, ikkje minst på grunn av den nye prentekunsta, som gjorde det mogleg å spreie musikk og notar til massane på nye og raskare vis.

Mellomalderen

Mellomalderen er nemninga på ein periode mellom førhistorisk tid og nyare tid som vert avgrensa ulikt ettersom kva for land eller område det er tale om, og i kva fag omgrepet vert nytta. I generell europeisk historie er mellomalderen vanlegvis rekna som tidsrommet frå antikken til renessansen, i nordisk samanheng frå kristninga på midten av 1000-talet fram til reformasjonen midt på 1500-talet, altså ein seinare og mykje stuttare tidsbolk.

I Noreg er det vanleg å definere mellomalderen til tida frå 1030, då slaget på Stiklestad skal ha gått føre seg og ha ført til den endelege kristninga av Noreg, og fram til reformasjonen i 1536, altså den tida då den romersk-katolske kyrkja var Noregs offisielle kyrkje — sjå nedanfor. Men om dette er ei nyttig og rett inndeling, vert stendig diskutert i fagkrinsar. I somme høve vert vikingtida, som er den siste parten av førkristen tid, rekna med til mellomalderen.

Omgrepet «mellomalderen» var lenge negativt ladd. Sjølve det å berre stå som ein fyllperiode er ikkje så gjævt; i tillegg kalla ein gjerne tida «den mørke mellomalderen» for å verkeleg visa kor uopplyste, overtruiske og barbariske folk var på denne tida. I nyare tid har historikarane òg trekt fram mange positive trekk ved tidsrommet, og ein kallar det sjeldan «mørkt» lenger.

Omgrepet Mellomalder skriv seg frå den italienske historieskrivinga i renessansen. Ordet vart først nytta av Flavio Biondo, for å markere ei tredeling av italiensk historie. Tanken om «mørk mellomalder» vart sett fram av diktaren Francesco Petrarca, og denne historieforståinga har hatt gjennomslag mest over heile Europa, sjølv om den klassiske tredelinga (antikken/mellomalderen/nytida) skriv seg frå italienske tilhøve.

Reformasjonen

Reformasjonen var ei religiøs omvelting frå katolisisme til protestantisme i delar av Europa på 1500-talet. Reformasjonen vart utløyst av Martin Luther, som formulerte sine 95 tesar, og ifølgje tradisjonen slo dei opp på kyrkjedøra i Wittenberg den 31. oktober 1517. Luther understreka kor viktig den individuelle trua er i høve til sakramenta og vekt på gode gjerningar. Han plasserte menneska meir direkte i høve til Gud enn kva ein gjorde i den katolske kyrkja. Reformasjonen spreidde seg etter kvart frå Nord-Tyskland til Skandinavia, Sveits og Frankrike. I England oppstod det parallelt ein reformasjon grunna i politiske omsyn, som etter kvart tok mykje av den same leia som reformasjonen på kontinentet.

Bakgrunnen for reformasjonen var ei tidlegare reformrørsle innan den katolske kyrkja, i tillegg til renessansen med sine studiar av gamle tekstar og vekt på individet. Utviklinga vart òg stimulert av oppfinninga av boktrykking, aukande handel og framveksten av ei mellomklasse, og av politiske motsetnader.

Det kom til ein lang og bitter konflikt mellom katolikkar og protestantar på 1500-talet, som var ein viktig grunn til tredveårskrigen. Seinare vart det organisert ei omdanning av den katolske kyrkja, ofte kalla den katolske motreformasjonen. Danmark-Noreg gjekk over til protestantismen i 1536/1537.

Renessansemusikk

Renessansemusikk er europeisk musikk skriven under renessansen. Å definere starten på den musikalske perioden er vanskeleg, sidan renessansestilen gradvis utvikla seg. Forskjellige musikkforskarar har plassert byrjinga frå så tidleg som år 1300 til så seint som 1470-åra.

Serbia

Serbia (serbisk Србија, Srbija) er eit land i Mellom- og Søraust-Europa, som dekkjer den sørlege delen av Den pannoniske sletta og sentrale område av Balkan. Det grensar til Ungarn i nord, Romania og Bulgaria i aust, Nord-Makedonia, Kosovo og Montenegro i sør og Bosnia-Hercegovina og Kroatia i vest.

Hovudstaden i landet er Beograd. Sjølv om landet ikkje har kystlinje, har det 2000 km med vassvegar langs Donau, Sava og Tisza, samt Donau-Tisa-Donau-kanalen.I fleire hundreår har Serbia lege ved, og vorte forma av, den kulturelle grensa mellom Austen og Vesten. I mellomalderen var Serbia eit mektig kongedøme som dekte det meste av Balkan, men denne staten forsvann på midten av 1500-talet under stridane mellom Det osmanske riket, Republikken Venezia, Kongedømet Ungarn og seinare Det austerrikske riket.

Den serbiske revolusjonen mot det osmanske styret i 1817 markerte starten på fyrstedømet Serbia, som låg rundt regionen Šumadija. Dette var den første nasjonalstaten i Mellom- og Aust-Europa. Formelt sjølvstyret fekk landet i 1878. I 1913 vart Kosovo erobra frå Det osmanske riket. I 1918 følgde region Srem og Vojvodina og det nye kongedømet Serbia vart oppretta.

Dei noverande landegrensene vart oppretta etter den andre verdskrigen, då Serbia vart ei føderal eining i Jugoslavia. Etter at Jugoslavia vart delt i 1990-åra vart Serbia igjen ein sjølvstendig stat i 2006, då ei folkerøysting i Montenegro gjekk inn for oppløysing av sambandet Serbia og Montenegro i mai 2006. Serbia vart åtskilt frå Montenegro 3. juni 2006, og vart då ein eigen sjølvstendig stat. Serbia er medlem av Dei sameinte nasjonane og Europarådet. Det er ein potensiell kandidat for medlemskap i EU og er eit militært nøytralt land.Den sørlege provinsen Kosovo erklærte seg sjølvstendig 17. februar 2008. Kosovo var formelt ein del av Serbia, men de facto under NATO administrasjon sidan 1999. Serbia, samt Tryggingsrådet i SN, har ikkje anerkjend sjølvstende til Kosovo så langt.

Sjtsjolkovo

Sjtsjolkovo (russisk Щёлково) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kljazma, ei sideelv til Oka, rundt 35 km nordaust for Moskva.

Busetnaden vart grunnlagd i 1520-åra og fekk bystatus først i 1925. Ein kan nå byen med forstadstog frå Jaroslavskij togstasjon i Moskva.

Svensk

Svensk (svenska) høyrer til språkgruppa nordiske språk, som er ei undergruppe av den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Såleis er svensk nærast i slekt med, og i dei fleste fall gjensidig skjønleg med, dansk og norsk.

Svensk, dansk og norsk bokmål blir historisk sett rekna som austnordiske språk, medan nynorsk saman med færøysk og islandsk høyrer til dei vestnordiske språka, men likevel skjønar dei fleste svenskane tala norsk mykje betre på grunn av den like uttalen. Svenskar og danskar har problem med å skjøne kvarandre, medan nordmenn skjønar både svensk og dansk godt.

Etter ei anna inndeling, blir svensk, dansk og norsk kalla fastlandsskandinaviske språk, i motsetning til dei øyskandinaviske, islandsk og færøyisk. Da legg ein vekt på at dei tre førstnemnde i dag er gjensidig forståelege i større grad, og at dei fekk dei same forenklingane ved inngangen til nyare tid (frå 1500-talet, om lag) - som bortfall av kasusbøyingar og verbbøyingar i person.

I Noreg er det likevel vanlegast å tale om dei nordgermanske språka som nordiske språk, medan dei tre fastlandsspråka blir omtala som skandinaviske språk, rett og slett.

Warum betrübst du dich, mein Herz

Warum betrübst du dich, mein Herz?, BWV 138, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den 15. sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 5. september.

Teksten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Warum betrübst du dich, mein Herz». Denne koralmelodien er funne som udaterte skillingsviser på midten av 1500-talet i Nürnberg. Ein av desse kjem frå Nürnberg i 1561. Komponisten og tekstforfattaren er ukjend. I mange år trudde ein at Hans Sachs kunne ha skrive både melodi og tekst.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.