İstiklâl Marşı

İstiklâl Marşı ('Sjølvstendemarsj') er namnet på den tyrkiske nasjonalsongen. Teksten blei skriven av Mehmet Akif Ersoy og offisielt teken i bruk som nasjonalsong 12. mars 1921 etter ein diktkonkurranse. I 1924 blei ein melodi skriven av Ali Rifat Cagatay offisielt godkjend, men han blei bytta ut av ein ny melodi av Zeki Ungor åtte år seinare. Det er denne melodien som har vore i bruk sidan.[1]

Kjelder

  1. THE NATIONAL ANTHEM, Turkish Culture Portal

Bakgrunnsstoff

  • Tekst
  • Musikk og bakgrunn ved turkishculture.org
    Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Nord-Kypros

Nord-Kypros (tyrkisk: Kuzey Kibris Türk Cumhuriyeti) er ein republikk nord på øya Kypros. Området omfattar meir enn ein tredel av øya. Republikken er ikkje offisielt anerkjend av andre enn Tyrkia. Republikken Nord-Kypros ynskjer eit føderalt system i eit samla Kypros eller å verta anerkjend av dei sameinte nasjonane.

Staten vert òg omtala som Den Tyrkiske Republikken Nord-Kypros eller KKTC.

Nord-Kypros er sterkt avhengig av stønad frå Tyrkia, og vart oppretta som resultat av striden mellom gresk-kypriotane og tyrkisk-kypriotane. Den nordlege delen av Kypros vart invadert av Tyrkia i 1974. I 1975 vart Nord-Kypros gjeve namnet «tyrkisk føderal stat Nord-Kypros». I 1983 vart området utropa som sjølvstendig stat og namnet endra til den Tyrkiske Republikken Nord-Kypros.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.